Vil du vere med å vidareutvikle tenestene og organisasjonen i Nav Vestland?
Nav Vestland, avdeling HR og organisasjon
Solheimsgaten 7E, 5058 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Innovasjonsrådgjevar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. april
Nav Vestland søkjer ein engasjert seniorrådgjevar til eit vikariat i avdeling HR og organisasjon. I denne rolla blir du del av eit fagmiljø som arbeider med designprosessar, innovative arbeidsmåtar og systematisk innsiktsarbeid for å skape betre tenester og ein sterkare organisasjon.
Dette er ei rolle for deg som trivst med komplekse problemstillingar, mange samarbeidspartar og eit breitt spenn av utviklingsoppgåver. Du er nysgjerrig på korleis Nav kan møte framtidas krav, og du liker å skape struktur i arbeid som er både tverrfagleg og samansett.
Nav fylkeskontor Vestland har det overordna ansvaret for gjennomføringa av arbeids- og velferdspolitikken i Vestland med styringsansvar for ni regionar og ei spesialeining. Fylkeskontoret er lokalisert i Bergen med omtrent 45 tilsette fordelt på fire avdelingar; avdeling fag og tenester, avdeling økonomi og analyse, avdeling HR og organisasjon og avdeling partnarskap og kommunikasjon.
Kva går jobben ut på ?
- vere ein strategisk pådrivar for innovasjon og utvikling i Nav Vestland, og bidra til å styrke forståinga av korleis innovasjon påverkar leiing, organisering og tenesteutvikling.
- støtte Nav-kontor og regionar i bruk av tenestedesign og andre innovasjons- og utviklingsmetodar
- leie innsiktsarbeid basert på brukarbehov, og formidle funn på ein tydeleg og strukturert måte
- utvikle og gjennomføre opplæring i tenestedesign, innovasjonsmetodikk og kontinuerleg forbetring
- fasilitere samarbeid på tvers av fagområde og bidra inn i det generelle forbetrings- og utviklingsarbeidet
- planleggje og gjennomføre konkrete innovasjons- og forbetringsprosessar i organisasjonen
- sikre struktur, framdrift og retning i utviklingsarbeid med mange involverte partar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha- fullført utdanning på minimum bachelornivå. Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
- erfaring med å gjennomføre og dokumentere innovasjons- og utviklingsprosessar, gjerne med bruk av tenestedesign
- erfaring med prosjektarbeid eller prosjektleiing
- kjennskap til prinsippa i Lean og kontinuerleg forbetring
- erfaring med å fasilitere brukarretta arbeidsprosessar og workshops
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- god digital kompetanse
Det er ein fordel om du har
- kompetanse innan tenestedesign, innovasjonsmetodikk eller liknande fagområde
- kjennskap til Nav sine tenester
Kva vi ser etter hos deg?
- er strukturert og klarer å skape oversikt i komplekse prosessar
- trivst med samarbeid og byggjer gode relasjonar
- kommuniserer klart og tydeleg
- er fleksibel, initiativrik og læringsorientert
- har gode pedagogiske ferdigheiter og liker å rettleie og lære bort
er kreativ, analytisk og engasjert
Kvifor velje oss?
- ei spennande stilling i eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
- store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og moglegheit for trening i arbeidstida
- god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
- stillinga blir plassert i stillingskode 1364 seniorrådgivar. Lønsspennet er frå kr. 690 000 til 750 000. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.
Kontaktinformasjon
Kathrine Martinsen, Avdelingsdirektør HR og organisasjon, 40239734, Kathrine.Martinsen@nav.noArbeidssted
Solheimsgaten 7E5058 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5099025893
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 19.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a3dab973-cfd1-4cb9-8964-f22eacca7081
- Sist endret
27. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0352696b444448d280a3ab1b24a6ff1e