Rettleiar
Nav Bergen sentrum
Møllendalsveien 8, 5009 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Rettleiar
- Oppstart
- 1. juni 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest onsdag 22. april
Ønsker du å bidra til at personar med sjukdom og nedsett arbeidsevne kjem seg i arbeid? Har du tru på at dei fleste menneske, trass i fysiske eller psykiske utfordringar, kan vere i ordinært arbeid? Ønsker du å bidra til eit viktig samfunnsområde? Då kan dette vere jobben for deg!
Vi har no 3 ledige midlertidige stillinger ved Nav Bergen sentrum med varighet ut 2026. Du vil gå inn i eit arbeidsfellesskap med 40 rettleiarar som følger opp menneske over 30 år. Arbeidsmiljøet er samansett av ulike aldrar og ulik kompetanse, noko vi ser på som ein styrke. Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der vi samarbeider tett og med fagleg dyktigheit.
Nav Bergen sentrum er regionkontor i Nav region Bergen, og er også bydelskontor for Bergenhus og Årstad bydel med ca. 85 000 innbyggarar. Kontoret har todelt leiarmodell, med ein statleg og ein kommunal leiar og har til saman rundt 300 tilsette, der 150 er statleg tilsette. Nav sitt mål er at flest mogleg skal vere i ordinært lønna arbeid eller anna aktivitet, og at færre skal vere avhengig av økonomisk stønad frå Nav. Gjennom innsatsen og kompetansen vår skal fleire få høve til å vere i arbeid, delta i samfunnet og vere sikra inntekt.
Vi ser etter deg som vil jobbe med oppfølging av brukarar. Kontoret har høge mål for kvalitet og resultat i oppfølgingsarbeidet og jobbar etter prinsippa om kontinuerlig forbetring for å gje brukarane våre moglegheiter.
Kva går jobben ut på?
- oppfølging av brukarar gjennom samtalar, dialogmøte og samarbeidsmøte
- kartlegge og motivere for arbeid og aktivitet
- sjå brukaren sin kompetanse og korleis ein kan kome raskt i jobb
- digital kommunikasjon med brukar
- saksbehandling etter lov om folketrygd og arbeids- og velferdsforvaltninga
- vere i tett dialog med arbeidsgivar, helsepersonell, tiltaksbedrifter og andre samarbeidspartnarar
Det kan bli noko endringar i arbeidsoppgåvene.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha
- fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant arbeidserfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet.
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- digital kompetanse som gjer at du kjem raskt i gang med nye digitale system
- rettleiingskompetanse
- erfaring med eller kunnskap om arbeidsmarknaden og tilrettelegging på arbeidsplassen
- erfaring frå rettleiing der du har kartlagt behov eller bistått i prosess mot jobb
Kva vi ser etter hos deg?
- du er god til å bygge relasjonar, motivere og inspirere
- du har god arbeidskapasitet og kan jobbe sjølvstendig og i team
- du arbeider systematisk og evner å prioritere i en hektisk kvardag
Vi tilbyr
- spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
- eit godt arbeidsmiljø prega av engasjerte og kunnskapsrike kollegaer
- relevant opplæring og gode høve til utvikling
- fleksitidsordning, trening i arbeidstid og mogleigheit for hybrid arbeidskvardag
- løn i stillingskode 1434 rådgivar frå kr. 622 000 - kr. 660 000 per år. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
- god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Kontaktinformasjon
Anne May Haugsvær, Avdelingsleiar, 926 52 713, anne.may.haugsver@nav.noHåvard Berentsen, Avdelingsleiar, 920 26 923, Havard.Berentsen@nav.no
Arbeidssted
Møllendalsveien 85009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5098668691
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.06.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 22.04.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
59e7033b-70cf-462a-9887-14a4a0fe6253
- Sist endret
8. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c6c9908018044e2ab058d80f8d7c6170