Psykolog/Psykologspesialist
Ambulante tenester psykisk helse DPS Volda (Akutt hj.beh.), Helse Møre og Romsdal HF
Hamnegata 20, 6100 Volda
Om jobben
- Stillingstittel
- Psykolog / psykologspesialist
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 9. februar
DPS Volda ambulant seksjon er ein av tre seksjonar underlagt DPS Volda. Ambulant seksjon arbeidar med tverrfagleg heimebehandling og utgreiing til pasientar som er over 18 år. Seksjonen består i dag av eit ambulant akutteam og eit FACT-team. Pasientopptaksområdet er søre Sunnmøre. Seksjonen har kontorlokale i Volda sentrum.
Denne stillinga er primært knytt til FACT-teamet.
FACT (Flexible Assertive Community Treatment- fleksibel aktiv oppsøkande behandling)
FACT er eit tverrfagleg spesialisthelsetenesteteam beståande av psykiater, psykolog, og helse- og sosialfaglege tilsette. Alle i teamet vert involverte i alle saker. FACT gir fleksibel aktiv oppsøkande behandling for pasientar over 18 år med alvorleg psykisk liding og samansette behov, som ikkje let seg ivareta gjennom kommune og anna spesialisthelseteneste, og som har behov for langvarig behandling ambulant. FACT reiser heim til pasientane og nyttar i hovudsak recoveryorientert tilnærming over tid. Det kan vere fokus på psykisk og somatisk helse, økonomi, bustad, kosthald, nettverk, ADL-fungering m.m.
Teamet er tverrfagleg samansett med psykiater, sosionom, vernepleiar, sjukepleiar mfl.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegging og utgreiing av funksjonsevne og psykisk helse
- Relasjonsbygging med både pasientar og kollega
- Inntaksarbeid
- Rettleiing av dei som ikkje er spesialistar
- Bidra med psykologisk fagkompetanse i seksjonen
- Vere ein viktig del av eit tverrfagleg team
- Psykologiske vurderingar, diagnostisering og behandling
- Samarbeid med ulike faggrupper
- Eksternt samarbeid og undervisning
- Samtalar med pårørande
Kvalifikasjonar
- Psykolog eller psykologspesialist med norsk autorisasjon, psykolog på lisens som fører til autorisasjon kan også søke
- Psykologstudentar i siste semester kan også søke
- Fordel med relevant spesialisering/jobberfaring frå arbeid med rus og/eller psykisk helse
- Fordel med erfaring frå tverrfagleg/tverretatleg samarbeid
- Erfaring frå rettleiing og undervisning
- Ønskeleg med behandlarerfaring
- God evne til samarbeid vert vektlagt
- Gode kommunikasjonsevner og gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg
- Må ha førarkort
- Personleg eignaheit vert tillagt stor vekt - ved tilsetting vil ein legge vekt på gode eigenskapar når det gjeld kommunikasjon med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
Personlege eigenskapar
- Du er ein positiv, fleksibel og ansvarsbevisst kollega som både kan arbeide sjølvstendig og i eit tverrfagleg samarbeid
- Du likar å bidra til kompetanseutvikling
- Du må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ver venleg å legge ved dine attestar og vitnemål til søknaden.
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her.Kontaktinformasjon
Solrun Brenk Rønning, Seksjonsleiar, 91570524, solrun.brenk.ronning@helse-mr.noArbeidsstad
Hamnegata 206100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5067062507
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.02.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
925acba1-f353-40f7-b379-ca06bb950348
- Sist endret
26. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
828e95dd1dee4fd6bbdefb77d6da54e6
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Poliklinikk BUP Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Volda
Miljøterapeut
Arbeidsgiver
Volda kommune, Rus og psykisk helseteneste
Sted
Volda
Arbeidsgiver
Poliklinikk BUP Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Volda