Hopp til innhold

Lege i spesialisering - psykiatri

Arbeidsgiver

Poliklinikk psykisk helse DPS Volda, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Hamnegata 20, 6100 Volda

Om jobben

Stillingstittel
Lege i spesialisering - psykiatri
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest fredag 20. mars

Vi søker to engasjerte og fagleg nysgjerrige legar i spesialisering (LIS) innan psykiatri til faste stillingar ved vår poliklinikk.

Stillingane har arbeidsstad i Volda og er del av eit utdanningsrotasjonsprogram retta mot spesialisering som overlege i psykiatri/psykiater.
Klinikk for psykisk helsevern og rus tilbyr heile spesialiseringsløpet lokalt utan behov for tenestetid ved universitetssjukehus, men for stillingane i Volda er det naudsynt med tenestetid ved psykiatrisk avdeling ved Ålesund sjukehus. LIS 3 stillingane i Ålesund er saman med LIS1 stillingar del av det som i dag er ein 14-delt vaktordning. Det er ikkje vakt-teneste når ein arbeider i Volda.

Som LIS er du ein del av eit miljø med fast undervisning og vekentleg veiledning.
Ønsker du meir informasjon om utdanninga som psykiater finn du dette på heimesida til HMR eller ved å kontakte utdanningsansvarleg overlege Jan Betten, e-post jan.betten@helse-mr.no


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av menneske med psykiske lidingar
  • Vaktarbeid
  • Samarbeid med andre faggrupper i pasientbehandling

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • LIS1 utan fullført LIS1 teneste kan også verte vurdert for tilsetting. Alle læringsmål for LIS1 må då vere oppfylte før tiltreding
  • God meistring av norsk, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner og interesse for tverrfagleg samarbeid
  • Du har evne til å sette pasienten sitt behov i fokus
  • Du har interesse for psykiatri og psykiske lidingar
  • Du har engasjement for å bidra til vidareutvikling av psykisk helsevern på Sunnmøre
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her

Kontaktinformasjon

Eirik Molvær, Avdelingssjef, +47 70 16 73 00, Eirik.Molver@helse-mr.no

Arbeidsstad

Hamnegata 20
6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5028848868
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Eirik Molvær

Avdelingssjef

+47 70 16 73 00

Eirik.Molver@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e4eaaea1-8608-42f1-92ed-01c01e491a60

Sist endret

12. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

65701399152a44bb9c3a2520e3be9376

Lignende annonser

Laster lignende annonser