Hopp til innhold

Har du lyst til å vere ferievikar i rus og psykisk helseteneste i sommar?

Arbeidsgiver

Volda kommune, Rus og psykisk helseteneste

Sted

Sevrinhaugen 7, 6102 Volda

Om jobben

Stillingstittel
Vil du bidra som ferievikar i rus og psykisk helseteneste i sommar?
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 31. mars

Vi søkjer etter deg som har fylt 20 år og har lyst på ein meningsfull sommerjobb i rus og psykisk helseteneste. I tidsrommet 20. juni - 24. august kan vi tilby deg inntil 100 % stilling som ferievikar i avdelinga vår. Vi treng vikarar ved Myra bufellesskap og i våre ambulerande tenester. 

Vi ber deg skrive i søknaden litt om deg sjølv, når i perioden du kan arbeide og om du har særskilt ynskje om arbeidsstad. 

For studentar innan sjukepleie, vernepleie og medisin, kan kommunen tilby stipend på 10.000 kr per år. For å få utbetalt stipend må du vere budd på å jobbe minimum 80% stilling i minst 6 veker i hovedferien.  For meir informasjon om vilkår og søknadsskjema, følg lenke:

https://www.volda.kommune.no/aktuelt/stipend-for-helsefagstudentar-i-volda-kommune.170184.aspx


Søkjarar som kan arbeide heile perioden vert prioriterte. 


Arbeidsoppgåver

  • Bistå og leggje til rette for brukarane sine gjeremål ut i frå vedtak og tiltaksplanar
  • Jobbe for at brukarane opplev ein kvardag der behov for tryggleik, meistring og brukarmedverknad vert ivareteke
  • Praktisk bistand i heimen med vekt på opplæring 
  • Utdeling av medikament
  • Det er arbeid i ulike stillingsprosentar i turnus, med arbeid på dag, kveld og helg. 

Kvalifikasjonar

Vi treng ferievikarar med interesse og evne til å jobbe innanfor rus- og psykisk helse, gjerne med påbegynt relevant utdanning frå høgskule eller universitet og/eller med relevant praksis.

  • Du må ha førarkort klasse B og ha fylt 20 år.
  • Søkjarar må meistre flytande norsk munnleg og skriftleg
  • Relevant praksis er ynskjeleg
  • Før oppstart i stilling må ein framlegge tilfredsstillande politiattest

Personlege eigenskapar

Våre ferievikarar må:

  • Ta ansvar
  • Ha gode samarbeidsevner og fremme delingskultur
  • Vere strukturert, fleksibel og kan jobbe sjølvstendig
  • Vere engasjert, ha godt humør og bidra til eit positivt fellesskap
  • Vere løysingsorientert og ha gode haldningar

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Vi legg også vekt på lojalitet til Volda kommune sine verdiar: RAUS - MODIG - KOMPETENT - LÆRANDE.

Vi tilbyr

Som ferievikar hos oss får du ein variert arbeidsdag i lag med mange kjekke medarbeidarar! Du får møte mange nye menneske og får med deg ei god erfaring vidare i arbeidslivet. 

Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Tilsetjing skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Vi ber om at søkjarar oppgir namn og kontaktinformasjon til referansar i søknaden. 

I tillegg til stipendordning tilbyr Volda kommunen fylgjande lønsnivå til studentar innan helse- og sosialfag og medisin:

  • Sjukepleie- sosionom-, barnevern- og vernepleiestudent utan autorisasjon: 85% av løn høgskuleutdanna - ferdig med 1 år (60 stp*)
  • Sjukepleie-, sosionom-, barnevern- og vernepleiestudent utan autorisasjon: 90 % av løn høgskuleutdanna - ferdig med 2 og 3 år (120 og 180 stp*) 
  • Medisinstudentar - ferdig med 2 år (120 stp*) løn som 1 års sjukepleierstudent
  • Medisinstudentar - ferdig med 4 år (240 stp*) løn som 2 års sjukepleierstudent

* For å få utbetalt denne løna må dokumentasjon på fullført studieår vere innlevert innan utgangen av engasjementet.

Tilsettingar vert gjort fortløpande. 

Kontaktinformasjon

Sigurd Riste Skarsvåg, Seksjonsleiar Myra bufellesskap , 90829427, Sigurd.Riste.Skarsvag@volda.kommune.no
Knut Hagen, Seksjonsleiar ambulerande, 94 16 52 92, knut.Hagen@volda.kommune.no
Malene Rovde, Avdelingsleiar, 99011980, malene.rovde@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Sevrinhaugen 7
6102 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 5054615980
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 31.03.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Malene Rovde

Avdelingsleiar

99011980

malene.rovde@volda.kommune.no

Knut Hagen

Seksjonsleiar ambulerande

94 16 52 92

knut.Hagen@volda.kommune.no

Sigurd Riste Skarsvåg

Seksjonsleiar Myra bufellesskap

90829427

Sigurd.Riste.Skarsvag@volda.kommune.no

Om bedriften

Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.

I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.

Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

fed217c9-c054-4121-a31c-69aac87c4c08

Sist endret

17. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

ed2378b8073245dc8fd0554707ade8b6

Lignende annonser