Hopp til innhold

Har du lyst til å vere ferievikar i Bu og habilitering i sommar?

Arbeidsgiver

Volda kommune, Bu- og habiliteringsteneste

Sted

Bømarka 6, 6100 Volda, Hamnegata 20, 6100 Volda, Kleppevegen 1, 6102 Volda, Sevrinhaugen 1, 6102 Volda, Sevrinhaugen 4, 6102 Volda, Verslavegen 4, 6763 Hornindal

Om jobben

Stillingstittel
Har du lyst til å vere ferievikar i Bu og habilitering i sommar?
Oppstart
22. juni 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
20
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 31. mars

Vi søkjer etter deg som har fylt 18 år og har lyst på ein meningsfull sommarjobb. I tidsrommet 15. juni - 16. august kan vi tilby deg inntil 100 % stilling som ferievikar i Bu og habilitering i Volda kommune. Vi treng vikarar ved Sevrinhaugen 1 og 3, Kleppevegen/ Doktorhaugen, Bømarka og ved Verslavegen 2 i Hornindal. I tillegg treng vi vikarar ved Blåbærhaugen til ulike bu- og avlastningstiltak for barn og unge med utviklingshemming. Det er også behov for vikarar i dagtilbodet ved Hamna dagsenter.

Vi ber deg skrive i søknaden litt om deg sjølv, når i perioden du kan arbeide og om du har særskilt ynskje om arbeids stad. 

For studentar innan sjukepleie, vernepleie og medisin, kan kommunen tilby stipend på kr. 10.000,- per år. For dei som får sommarjobb i Hornindal er stipendet kr 20.000,-. For å få utbetalt stipend må du vere budd på å jobbe minimum 80% stilling i minst 6 veker i hovedferien. Søknadsskjema: https://skjema.volda.kommune.no/skjema/VOL181/Sknad_om_kompetansemidlar_til_utdanning 

Søkjarar som kan arbeide heile perioden vert prioriterte.


Arbeidsoppgåver

  • Miljøarbeid og praktisk bistand for vaksne med utviklingshemming, og andre hjelpebehov
  • Bistå og tilrettelegge for brukarane sine gjeremål ut frå vedtak og tiltaksplanar
  • Jobbe for at brukarane skal oppleve ein kvardag der behova for tryggleik, meistring og
    brukarmedverknad vert ivaretatt
  • Det er arbeid i ulike stillingsprosentar i turnus, kor du kan arbeide dag, kveld, natt og helg. 

Kvalifikasjonar

Vi treng både sjukepleiarar, fagarbeidarar og assistentar 

  • Søkjarar må ha fylt 18 år og må ha gyldig arbeids- og oppholdsløyve
  • Søkjarar må meistre flytande norsk munnleg og skriftleg
  • Relevant praksis er ynskjeleg
  • Førarkort klasse B
  • Før oppstart i stilling må ein framlegge tilfredsstillande politiattest, og eigenerklæring i høve
    tuberkulose.

Personlege eigenskapar

Våre ferievikarar må:

  • Ta ansvar
  • Ha gode samarbeidsevner og fremme delingskultur
  • Vere strukturert, fleksibel og kan jobbe sjølvstendig
  • Vere engasjert, ha godt humør og bidra til eit positivt fellesskap
  • Vere løysingsorientert og ha gode haldningar

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Vi legg også vekt på lojalitet til Volda kommune sine verdiar: RAUS -
MODIG - KOMPETENT - LÆRANDE

Vi tilbyr

Som ferievikar hos oss får du ein variert arbeidsdag i lag med mange kjekke medarbeidarar! Du får møte mange nye menneske og får med deg ei god erfaring vidare i arbeidslivet. 

Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Tilsetjing skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Vi ber også om at søkjarar oppgir namn og kontaktinformasjon til referansar i søknaden. 

I tillegg til stipendordning tilbyr Volda kommunen fylgjande lønsnivå til studentar innan helse- og sosialfag og medisin;
Sjukepleie- sosionom-, barnevern- og vernepleiestudent utan autorisasjon: 431 300,-  (ferdig med 1 år, 60 stp*)
Sjukepleie-, sosionom-, barnevern- og vernepleiestudent utan autorisasjon: 456 700,- (ferdig med 2 og 3 år, 120 og 180 stp*) 
Medisinstudentar - ferdig med 2 år (120 stp*): 431 300,-
Medisinstudentar - ferdig med 4 år (240 stp*): 456 700,-
* For å få utbetalt denne løna må dokumentasjon på fullført studieår vere innlevert innan utgangen av engasjementet.

Tilsettingar vert gjort fortløpande.

Kontaktinformasjon

Annette Vatne, Seksjonsleiar Sevrinhaugen, 94854243, annette.vatne@volda.kommune.no
Monika Mierzejewska, Seksjonsleiar Kleppevegen, 90891358, monika.mierzejewska@volda.kommune.no
Liv Bente Grothaug, Seksjonsleiar Hamna, 48061154, liv.bente.grothaug@volda.kommune.no
Merete Aam Ramstad, Konst.seksjonsleiar Blåbærhaugen, 94814327, merete.aam.ramstad@volda.kommune.no
Ivar Sørgård, Seksjonsleiar Verslavegen, 94814327, ivar.sorgard@volda.kommune.no
Gry Egset Eriksen, Konst. seksjonsleiar Bømarka, 47872195, gry.egset.eriksen@volda.kommune.no
Reidun Elisabeth Sandnes, Avdelingsleiar Bu og habilitering, reidun.elisabeth.sandnes@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Kleppevegen 1
6102 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 5048909125
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 22.06.2026
Sluttdato: 16.08.2026
Søknadsfrist: 31.03.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Reidun Elisabeth Sandnes

Avdelingsleiar Bu og habilitering

reidun.elisabeth.sandnes@volda.kommune.no

Gry Egset Eriksen

Konst. seksjonsleiar Bømarka

47872195

gry.egset.eriksen@volda.kommune.no

Ivar Sørgård

Seksjonsleiar Verslavegen

94814327

ivar.sorgard@volda.kommune.no

Merete Aam Ramstad

Konst.seksjonsleiar Blåbærhaugen

94814327

merete.aam.ramstad@volda.kommune.no

Liv Bente Grothaug

Seksjonsleiar Hamna

48061154

liv.bente.grothaug@volda.kommune.no

Monika Mierzejewska

Seksjonsleiar Kleppevegen

90891358

monika.mierzejewska@volda.kommune.no

Annette Vatne

Seksjonsleiar Sevrinhaugen

94854243

annette.vatne@volda.kommune.no

Om bedriften

Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.

I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.

Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a24acb91-11a7-4b87-9f2d-ee2111df3c4a

Sist endret

17. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

ea93496d16c341e590a2dbf76e959de7

Lignende annonser