Undervisningsstillingar 1.-10.trinn
Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam
Om jobben
- Stillingstittel
- Undervisningsstillingar 1.-10.trinn
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 4
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 18. mars
Elevane våre fortener dyktige og engasjerte lærarar
Viss du er ein av dei, så ynskjer Vaksdalskulen deg som søkar til ledige undervisningsstillingar, vikariat og/eller faste, frå august 2026.
Både heiltid- og deltidsstillingar kan bli aktuelt. For enkelte stillingar kan det verta aktuelt med tidlegare tilsettingstidspunkt. Rekrutteringa startar i løpet av mars og vil halde fram fram til skulestart.
Vaksdal kommune har 5 skular; 2 kombinert skular (1-10) og 3 barneskular (1-7), som du kan få nærare opplysningar hjå:
Stanghelle skule: Rektor Kari Vaksdal Faugstad
Vaksdal skule: Rektor Agnetha Olsen Brekkhus
Dale skule : Rektor Malin Sæterdal
Stamnes oppveksttun: Rektor/leiar Rose-Marie Mo Lilletvedt
Eksingedalen oppveksttun: Rektor/leiar Liv Anne Bergo
Set gjerne opp ein bestemt skule dersom du har ein preferanse.
Kvalifikasjonskrav
- Godkjent undervisningskompetanse (allmennlærar/grunnskulelærar).
- God digital kompetanse.
- Søkarar som har undervisningskompetanse i fleire av følgande fag vil bli føretrekt; matematikk, norsk og engelsk.
- Krava til kompetanse på ungdomstrinnet for å undervise i norsk, matematikk og engelsk er 60 studiepoeng. I dei fleste andre fag er kravet 30 studiepoeng. For å undervise i faga norsk, engelsk og matematikk på barnetrinnet må du ha 30 studiepoeng.
- Det er ønskeleg med lærarar som har brei undervisningskompetanse.
- Vi ser særleg etter personar som har kompetanse i den første lese- og skriveopplæringa.
- Søkarar med anna relevant utdanning/erfaring kan ved behov bli vurderte.
- Du må ha godkjent politiattest.
Vi ynskjer å tilsetje stabile, positive, velkvalifiserte og dyktige lærarar som
- er tydelege klasseleiarar og har evne til å skapa gode relasjonar mellom elevane
- skapar eit godt samarbeid med elevane sine heimar
- set eleven sitt beste i sentrum
- vektlegg tilpassa opplæring, elevmedverknad og fagleg vekst bidreg til skulane sitt profesjonelle læringsfelleskap
har gode evne til samarbeid og kommunikasjon er sjølvstendige, reflekterte, fleksible og tar ansvar
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Vi oppmodar menn til å søkja. Dei som skal tilsetjast må leggja fram tilfredsstillande politiattest. Desse må leverast snarast etter eventuelt tilbod om tilsetjing og før tiltreding.
Vaksdal Kommune kan tilby
- løn i tråd med tariffavtale og lokale lønsforhandlingar
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- individuell oppfølging
Kontaktpersoner for stillingen
Rose-Marie Mo Lilletvedt
Leiar Stamnes oppveksttun
+4791175971
Om bedriften
Vi har lange tradisjonar for å nytte nærmiljøet vårt aktivt i læringa og for å samarbeide på tvers av skulane våre.
Vi satsar ekstra på
- lesing og har felles leseplan i samarbeid med PPT
- inkluderande læringsmiljø, PALS og MOT
- fysisk aktiv læring (FAL) i eit inkluderande perspektiv
Vaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil.
Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer. Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og du får store moglegheiter til å påverke di eiga arbeidskvardag.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne.
Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på den offentlege søkarlista, må du grunngi dette. Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.
Vaksdal kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Attestar og vitnemål må legggast ved søknaden. Høgare utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Godkjenninga må dokumenterast.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
90513ad6-c488-4bcc-9b23-146fc224dfd0
- Sist endret
27. februar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10284590
Lignende annonser
Lærarstilling på Samnanger barneskule
Arbeidsgiver
Samnanger kommune
Sted
Tysse
Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Sted
Dalekvam
Vernepleiar
Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Sted
Dalekvam