Barnehagelærarar til barnehagane i Vaksdal
Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam
Om jobben
- Stillingstittel
- Barnehagelærarar til barnehagane i Vaksdal
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. april
Om stillinga
Vi har no ledig éi fast 100 % stilling som barnehagelærar/pedagogisk leiar, samt to 100 % årsvikariat som barnehagelærar for barnehageåret 2026/2027.
Som barnehagelærar vil du vere ein del av det pedagogiske arbeidet i barnehagen, i samarbeid med pedagogiske leiarar og øvrig personale. Du vil bidra til planlegging, gjennomføring og vurdering av pedagogisk arbeid i tråd med rammeplanen, og vere ein trygg vaksenperson for barna.
Stillingane er knytte til barnehagane på Dale, Vaksdal og Stanghelle. Endeleg arbeidsstad og plassering vil bli avklart i god tid før oppstart av nytt barnehageår, i dialog med aktuelle søkarar og basert på behov i barnehagane.
Vi håpar å høyre frå deg!
Krav til kompetanse
- Godkjend utdanning som barnehagelærar
- Søkarar med anna relevant pedagogisk utdanning kan ved behov bli vurdert
- Ønskeleg med erfaring frå barnehage
- Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Personlege eigenskapar
- Du er ein påliteleg, open og ærleg person. Det er viktig for oss at våre tilsette er i barnehagen for barna si skuld, men òg er god til å samarbeide med kollegaer
- Du er strukturert og interessert i å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du tek del i utviklingsarbeidet og halde deg fagleg oppdatert
- Du er stabil og påliteleg, og bidreg til eit trygt og godt tilbod for barna og arbeidsmiljøet.
- Du må vera ein god samarbeidspartnar som skapar tillit og god dialog med tilsette, barn og foreldre.
Vi oppmodar menn til å søka.
Personlege eigenskapar vert vektlagt. Godkjent politiattest og eigenerklæring om utanlandsopphald (tuberkulose) må leggast fram ved tilsetjing.
Vaksdal kommune tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Gode moglegheitar for støtte til utdanning
- Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg
Kontaktpersoner for stillingen
Gunn Elisabeth Melgård Aase
Einingsleiar barnehage, kultur og inkludering
+4741233585
Om bedriften
Vaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil.
Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer. Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og du får store moglegheiter til å påverke din eigen arbeidskvardag.
Før tilsetting må gyldig politiattest jfr. § 19 i barnehagelova fremlegges. Prøvetid er 6 mnd. og for øvrig skjer ansettelsen på de vilkår og med de plikter som følger av lov, tariffavtaler og reglementer.
Alle barnehagane i Vaksdal har gjennomført kompetanseprogrammet «Inkluderande barnehagemiljø». Vi set oss tydelege mål for å skape ein trygg og god kvardag for alle born. Dette gjer vi i lag som kompetente og engasjerte vaksne.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne.
Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på den offentlege søkarlista, må du grunngi dette. Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8084e5a0-b939-471c-96a0-9c15664f9ef2
- Sist endret
14. april 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10291069