Hopp til innhold

Lærarstillingar

Arbeidsgiver

Garnes skule, Bergen kommune

Sted

Øvre Seimsmark 52, 5264 Garnes

Om jobben

Stillingstittel
Lærarstillingar , Garnes skule
Oppstart
1. august 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 19. april

Neste skuleår har Garnes skule inntil to faste stillinger og to vikariat ledig for engasjerte kollegaer som ønskjer å være med å skape ein god skule for verdas beste elevar! Vikariata kan vere i storleik 20-100%.

Garnes skule er ein barneskule i Arna bydel. Skulen har fleksible areal med ca 290 elevar skuleåret 2026/27. Det er om lag 40 tilsette på skulen. Garnes skule ligg naturskjønt til ved foten av fjellet Arnanipa, og berre ein kort gåtur frå strand og fjord. Du finn oss berre 15 minutt med tog+buss frå Bergen sentrum, eller ca 20 minutt med bil frå Nesttun eller Åsane.

På Garnes skule jobbar vi for å utvikle profesjonelle læringsfellesskap som samarbeider for at elevane skal oppleve trivsel og læring. Dei tilsette opplever eit raust og fleksibelt arbeidsmiljø der vi arbeider målretta med psykologisk tryggleik. Skulen si hovudsatsing er inkluderande opplæring. Vi har arbeidd med fellesskapande opplæring for elevar med stort læringspotensial og trua på at alle elevar gjer så godt dei kan og korleis vi vaksne kan hjelpe dei for å ha det godt med seg sjølv og andre. Dei neste to skuleåra skal vi samarbeide med Universitetet i Bergen i eit partnarskap for å fremje inkludering gjennom digitalisering og kunstig intelligens.

Garnes sule har eit godt skulemiljø med imøtekomande og positive elevar. Elevane melder om høg trivsel. Dei flotte elevane våre har kjekke foreldre, så skulen og heimane samarbeider godt om skulemiljø og læring. Garnes skule er ein nynorskskule, der over 90% av elevane har bokmål som sitt hovudmål. 


Arbeidsoppgåver

  • Undervisning og kontaktlæraransvar på 1.-7. trinn
  • Trygg, varm og tydeleg klasseleiing
  • Førebu, gjennomføre og evaluere inkluderande undervisning som bygger fagleg og sosial kompetanse
  • Sørge for eit trygt og godt læringsmiljø for alle elevane på skulen
  • Samarbeide med foreldre, kollegaar og andre instansar.
  • Delta aktivt i det pedagogiske utviklingsarbeidet ved skulen og bidra til eit godt profesjonsfellesskap

Kvalifikasjonar

  • Lærerutdanning som kvalifiserer til undervisning på 1.-7. trinn
  • 30 sp. norsk og matematikk
  • Fagønske: Engelsk og musikk
  • Erfaring med klasseleiing og kontaktlæraransvar er ei fordel.
  • Ønskjeleg med erfaring frå undervisning i fleksible areal

Personlege eigenskaper

  • Du har eit sterkt pedagogisk engasjement og interesse, der elevane si tilhøyring sosialt og i læring står i fokus
  • Du er ein tydelig og varm vaksen
  • Du trur på at elevane gjer så godt dei kan
  • Du har kompetanse på å skape gode relasjonar til elevar, kollegaar og foreldre
  • Du er positiv, fleksibel, interessert og finn motivasjon i eiga læring og utvikling
  • Du reflekterer over praksisen din, vala du tek, og kan diskutere dei med andre
  • Du bidreg til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
  • Du er motivert for å jobbe i team på ein baseorganisert skule

Vi tilbyr

  • Bergen kommune - ein profesjonell og engasjert arbeidsgjaver med tydeleg retning for bergensskulen
  • Eit godt arbeidsmiljø med fleksible kollegaer, kjekke elevar og positive føresette 
  • Eit godt fagmiljø med gode høve for fagleg og personleg utvikling
  • Gode avtalar om td. boliglån i Statens Pensjonskasse

Kontaktinformasjon

Synnøve Hjertaker, Rektor

Arbeidssted

Øvre Seimsmark 52
5264 Garnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bergen kommune

Referansenr.: 5100916780
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 19.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Synnøve Hjertaker

Rektor

Om bedriften

Bergen kommune søker motiverte medarbeidere som er kompetente, åpne, pålitelige og samfunnsengasjerte. Kvalitet i tjenestene skapes gjennom godt arbeidsmiljø og mangfold blant ansatte.

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

16c58d0d-a233-4bca-b430-cb8ab0b63749

Sist endret

4. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

ef077661dcf9464a884eb8cb719d727d

Lignende annonser

Laster lignende annonser