Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Bjørnafjorden kommune Eikelandsosen barneskule
Brakabygda 40, 5640 Eikelandsosen
Om jobben
- Stillingstittel
- Undervisningsstilling ved Eikelandsosen barneskule
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 18. mai
Vi treng lærar som kan gjennomføre opplæring i vanlege grunnskulefag i barneskulen. Vi har også behov for pedagog som kan gjennomføre opplæring ASK (Alternativ og supplerande kommunikasjon), teikn-til-tale og individuell tilrettelagt opplæring.
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat. Vi ynskjer at vi kan tilby elevane praktisk, aktiv og variert opplæring i alle fag.
I den eine stillinga vil vi gjerne ha søkjarar med kompetanse i alternativ supplerande kommunikasjon og teikn-til -tale i kombinasjon med kompetanse i individuelt tilrettelagt opplæring.
Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Satsingsområda i Bjørnafjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for fagleg og sosial utvikling. Lesing er også satsingsområde. Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.
Arbeidsstad
Ved Eikelandsosen barneskule arbeider vi i småteam kring klassane, der fleire vaksne samhandlar tett om opplæringa og å skape gode læringskollektivt. Vi arbeider i tråd med LK20 og utviklar oss kontinuerleg for å halde fram å vere ein god utdanningsarena for elevane og ein god arbeidsplass for dei vaksne. I Eikelandsosen legg vi vekt på praktisk, variert og relevant opplæring der vi brukar skog, fjell og strand i tillegg til idrettshall, symjebasseng og eit allsidig skuleanlegg. Vi likar å gjere ting ute!
Eikelandsosen barneskule får kring 90 elevar frå 1.-7. årssteg hausten 2025 og kring 13 tilsette.
Skulen ligg fint til i ei solrik sørhelling, er sentralt plassert ved Fusa symjehall, idrettsanlegg og sentrumsfunksjonar i Eikelandsosen.
Personalet ved skulen har ein aktiv sosialkomité som arrangerer kjekke friviljuge opplevingar. Vi vil gjerne ha deg med på turar og konsertar!
Arbeidsoppgåver
Undervisning i grunnskulefag 1.-7.årssteg. Særleg treng vi kompetanse innan eitt eller fleire av desse fagområda; norsk, matematikk, kroppsøving, kunst og handverk, musikk eller spesialpedagogikk. Kontaktlæraroppgåve er aktuelt.
Kvalifikasjonar
- Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vere godkjent frå HK-dir.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform iBjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Eigenskapar
- Du må vera ein relasjonsbyggar og ein trygg klasseleiar som bidreg til inkludering og godt læringsmiljø.
- Vi ønsker tilsette med god fagleg kompetanse og vilje til å prøva ut nye arbeidsmetodar.
- Du må vera fleksibel, ha gode samarbeidsevner og kunna delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid.
Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Løn etter gjeldande avtalar.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Vi vil aldri be søkar om å oppgje BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Kontaktperson
Kjersti Søvik rektor tlf. 404 32 919, kjso@bjornafjorden.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b95e8b5a-b8d6-4908-acc6-4b90e6f62b33
- Sist endret
29. april 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3623315_207787_nn