Hopp til innhold

Psykologspesialist/psykolog

Arbeidsgiver

Poliklinikk BUP Volda, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Kløvertunvegen 1, 6103 Volda

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Psykologspesialist/psykolog
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Vi har no ledig 1 fast stilling og eit årsvikariat for psykologspesialist/psykolog ved poliklinikk BUP Volda.
Vikariatet kan etterkvart verte omgjort til ei fast stilling. Oppstartdato etter avtale med seksjonsleiar.

I Helse Møre og Romsdal HF er psykisk helsevern for barn og unge samansett av poliklinikkane i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda (BUP) samt ein døgnseksjon.
Poliklinikken i Volda har eit godt arbeidsmiljø med spanande arbeidsoppgåver. Vi tilbyd differensiert poliklinisk utgreiing- og behandlingstilbod til barn, unge og familiar i 7 kommunar på Sunnmøre.

Personalgruppa vår er sett saman av personar frå ulike yrkesgrupper som er organisert i tverrfaglege team. I tillegg har vi akutt ambulant team, spiseteam, traumeteam og familieteam. Vi gir tilbod om pasient- og pårørandeopplæring. Vi legg vekt på godt samarbeid med andre helsetenester, både i kommunane og i andre delar av spesialisthelsetenesta.

Vi ynskjer å kunne tilby psykologane våre ein god balanse med høve til fagleg fordjuping og det å etablere eit breitt erfaringsgrunnlag. Psykologane våre får tett og god rettleiing av psykologspesialist i seksjonen. Vi sørger for at psykologane får dei kurs dei treng. Skulle du ha planar om faglege utviklingsprosjekt eller forsking, kan det vere høve til å utvikle dette i samarbeid med fagpersonar med forskingsbakgrunn i seksjonen vår, eller eventuelt saman med samarbeidspartnerar vi har innan forsking og fagutvikling.

Arbeidsoppgåver

  • Poliklinisk utgreiing og behandling av barn og unge med ulike psykiske lidingar
  • Rettleiing og konsultasjon til foreldre, skule og nettverk
  • Deltaking i samarbeidsfora rundt pasientar

Kvalifikasjonar

  • Norsk lisens/autorisasjon som psykolog
  • Psykolog med fullført spesialisering innan relevant fagområde (barn og ungdom, eller voksenpsykiatri). Psykologar som ikkje har fullført spesialisering kan og søke
  • Relevant erfaring
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Politiattest må leggast fram før tilsetting

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Du har interesse for fagutvikling og engasjement for utvikling av eigen arbeidsplass
  • Du arbeider sjølvstendig, strukturert og målretta
  • Du har evne til å skape trivsel i ein travel arbeidskvardag
  • Du har gode ferdigheiter i organisering av eige arbeid
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Tilrettelegging for for spesialisering og fagleg utvikling
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. 

Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her.

Kontaktinformasjon

Kari Standal, Seksjonsleiar, +47 70058570, kari.standal@helse-mr.no

Arbeidsstad

Kløvertunvegen 1
6103 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5069359840
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.02.2026

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8ffc26ef-a014-4036-a075-23f5f2da88e6

Sist endret

14. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

e4314fa0aae84d96b9ef617369bcf926

Lignende annonser

Laster lignende annonser