Hopp til innhold

Ergoterapeut eller sjukepleiar i hukommelsesteamet 

Arbeidsgiver

Førebygging og meistring, Ålesund kommune

Sted

Fjellgata 42, 6003 Ålesund

Om jobben

Oppstart
10. august 2026
Stillingstittel
Sjukepleiar / ergoterapeut
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 17. mai

Med utgangspunkt i eit ønskje om å levere gode førebyggande tenester har Ålesund kommune samla mange av dei førebyggande tenestene i verksemda førebygging og meistring. I tillegg til geriatriske sjukepleiarar og hukommelsesteam, inneheld verksemda støttekontaktteneste, seniorsenter, dagtilbod for personar med demenssjukdom, ergo- og fysioterapiteneste, og teknisk hjelpemiddelservice. Verksemda har dermed eit godt fundament for god samhandling mellom ulike tenester med felles målsetting om å sørge for ein aktiv kvardag med stor grad av meistring for kvar enkelt.

Hukommelsesteamet i førebygging og meistring består av tre personar og dekker det geografiske området "gamle Ålesund".


Arbeidsoppgåver

  • Det er ledig 100% svangerskapsvikariat med varierte arbeidsoppgåver i hukommelsesteamet
  • Kartlegging og heilskapeleg vurdering av eldre si helse og livssituasjon
  • Demensutgreiing
  • Oppfølging av personar med demens og pårørande
  • Oppfølging av eldre med lettare psykiske lidingar
  • Leie samtalegrupper
  • Planlegge og gjennomføre pårørandeskule
  • Individuelle samtalar, informasjon, råd og rettleiing til eldre
  • Analysere og vurdere individuelle problemstillingar på tvers av fag og tenestenivå
  • Bidra til nytenking og utvikling av tenestene

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller ergoterapeut
  • Ønskeleg med vidareutdanning i geriatri, psykiatri/alderspsykiatri eller anna relevant vidareutdanning
  • Erfaring frå arbeid med personar med demens
  • God kunnskap om førebyggande arbeid retta mot eldre
  • Førarkort kl. B
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).

Personlege eigenskapar

  • Du har engasjement for målgruppa personar med demens og deira pårørande
  • Du er brukarorientert
  • Du er nyskapande, løysingsorientert og framtidsretta
  • Du er trygg og sjølvstendig i eiga fagutøving
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Fleksibel arbeidstid
  • Ei kommune med verdiane open, engasjert og modig i fokus
  • Kjekke kolleger og samarbeidspartar
  • Ei mulegheit til å ta del i uviklinga av tenestene i kommunen
  • Stor breidde i arbeidsoppgåver
  • Løn etter tariff

Kontaktinformasjon

Solveig Kiperberg Viddal, Avdelingsleiar, 908 25 952
Camilla Almås, Verksemdsleiar, 994 93 553

Arbeidsstad

Fjellgata 42
6003 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 5117558615
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 10.08.2026
Sluttdato: 31.03.2027
Søknadsfrist: 17.05.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Camilla Almås

Verksemdsleiar

994 93 553

Solveig Kiperberg Viddal

Avdelingsleiar

908 25 952

Om bedriften

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8be81b3a-9f6e-40d3-8620-716142510555

Sist endret

24. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

b019d4ef0284470491f02a2d590a9177

Lignende annonser

Laster lignende annonser