Hopp til innhold

Ergoterapeut/spesialergoterapeut

Arbeidsgiver

Klinisk støtte Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Ergoterapeut/spesialergoterapeut
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 3. juni

Seksjon for kliniske støttefunksjonar ved Ålesund sjukehus har ledig eit 100 % vikariat som ergoterapeut/spesialergoterapeut. Vikariatet gjeld for perioden 10.08.2026 til 30.06.2027, med mogleg oppstart etter nærare avtale. Vi søkjer ein engasjert medarbeidar med evne til sjølvstendig arbeid i eit tverrfagleg team.

Stillinga er i hovudsak knytt til revmatologisk og ortopedisk avdeling. Seksjonen har totalt 3,75 ergoterapeutstillingar, og du vil samarbeide tett med desse. Du vil inngå i eit tverrfagleg team saman med lege, sjukepleiar og fysioterapeut. Sentrale arbeidsoppgåver vil vere kartlegging og utgreiing av revmatologiske og ortopediske pasientar, samt behandling av ulike handskadar. Arbeidet er i hovudsak knytt til poliklinikk, men stillinga inneber òg deltaking i arbeid med inneliggjande pasientar ved andre avdelingar.

Ved eventuell intern omrokkering kan det bli ledig stilling ved andre avdelingar.


Arbeidsoppgåver

  • Kartlegge og vurdere pasientar ved revmatologisk- og ortopedisk avdeling
  • Kartlegge og behandle pasientar med ulike handskader og tilpasning av hjelpemidler som spesialskinner o.l 
  • Undervisning av pasientar i gruppe og individuelt
  • Delta i tverrfaglege team
  • Studentveiledning

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som ergoterapeut
  • Erfaring fra tilsvarande områder er ein fordel
  • God kompetanse i norsk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du her gode evner til kommunikasjon og samarbeid
  • Du har evne til sjølvstendig arbeid
  • Du er pasientorientert og fleksibel
  • Du bidrar til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Kontaktinformasjon

Henrik Rønningsbakk Jansson, Seksjonsleiar, 70105177, henrik.ronningsbakk.jansson@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5131226907
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 03.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Henrik Rønningsbakk Jansson

Seksjonsleiar

70105177

henrik.ronningsbakk.jansson@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

482fee7e-868d-4ab3-8d06-2c8f314a01a6

Sist endret

21. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

20bd3a74fd8c45008fcc22ec4928f432

Lignende annonser

Laster lignende annonser