Psykiatrisk/Geriatrisk sjukepleiar
Alderspsykiatri Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Psykiatrisk/Geriatrisk sjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 4. juni
Har du lyst å bli vår nye kollega i Alderspsykiatri Sunnmøre?
Alderspsykiatri Sunnmøre består at en poliklinikk og en døgnpost.
Vi har ledig 100% fast stilling for sjukepleiar med vidareutdanning i psykiatri/geriatri i alderspsykiatrisk poliklinikk. Dagarbeid og med arbeid kvar 3. helg i døgnpost. Oppstart frå snarast.
Alderspsykiatri Sunnmøre er samlokalisert med øvrig sjukehuspsykiatri. Avdeling for sjukehuspykiatri består av:
Psykose sengepost Sunnmøre
Akutt psykisk helse Sunnmøre
Alderpsykiatri Sunnmøre
Allmennpsykiatri Sunnmøre
Sikkerhetspsykiatri Sunnmøre
Spesialisert habilitering
Alderspsykiatri Sunnmøre består av ein poliklinikk og ein døgnpost med 6 sengar. Arbeidsstad vil være i poliklinikk - men også i døgnpost kvar 3. helg.
Seksjonen er tverrfagleg samansett av legespesialistar, lege i spesialisering, spes-ergoterapeut, geriatrisk og psykiatrisk sjukepleiar, vernepleiar, hjelpepleiar, helsefagarbeidar og merkantile ressursar. Døgnposten har fokus på utredning og behandling. Poliklinikken tek imot pasientar i eigne lokaler eller ved besøk heime eller på institusjon.
Målgruppa er personar over 65 år med nyoppstått psykisk liding bl.a depresjon, angst, psykose og eller ulike demenstilstander med nevropsykiatriske symptom (NPS).
Vi har godt samarbeid internt i seksjonen mellom døgnpost og poliklinikk samt andre instansar i spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta.
Arbeidsoppgåver
- Utføre alderspsykiatriske vurderingar i tverrfagleg team
- Utgreiing og behandling av pasientar
- Tverrfagleg samarbeid internt og med våre samarbeidspartnarar i kommunane samt spesialisthelsetenesta
- Ansvar for organisering, koordinering og gjennomføring av ambulant aktivitet, mellom anna faste virkedagar/ reisedagar i kommunane i tett dialog med kommunale koordinatorar/ samarbeidspartnarar
- Samarbeid med pårørande
- Undervisning og rettleiing internt og i kommunane
- Fagleg utvikling- og kvalitetsarbeid
- Dokumentasjon i Helseplattformen
- Arbeid i sengepost kvar 3. helg - då med vaktansvar/medisinansvar
- Delta i obligatorisk opplæring og trening i MAP (Møte med aggresjonsproblematikk) for trygg handtering av utfordrande situasjonar
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiar med vidareutdanning innan geriatri eller psykatri.
- Det er ønskjeleg med relevant erfaring, men ikkje eit krav.
- Førarkort klasse B
- Du må meistre norsk skriftleg og munnleg
- God digital kompetanse
Personlege eigenskapar
- Du viser fagleg engasjement
- Du er trygg - både personleg og fagleg
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du har stor arbeidskapasitet
- Du er sjølvstendig, ansvarsfull, tar initiativ, er strukturert og løysingsorientert
- Du er med på å skape eit godt arbeidsmiljø
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Arbeidskle på helg
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.Kontaktinformasjon
Pamela Riise Loe, Seksjonsleiar, Pamela.Riise.Loe@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5131519817
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
88448ef1-fbbf-46d3-ba45-cb4ae26a18e0
- Sist endret
21. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8368401b09584dbaa8e4da8de9ee548e