Psykiatrisk/geriatrisk sjukepleiar
Alderspsykiatri Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Psykiatrisk/geriatrisk sykepleier
- Type ansettelse
- Fast, deltid 85%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 28. juni
Vil DU verte vår nye kollega ved Alderspsykiatri Sunnmøre?
Vi har no ledig 85% fast stilling som sjukepleiar med videreutdanning i psykiatri eller geriatri. Stillinga er p.t. i 2-delt turnus med arbeid kvar 3.helg. Oppstart frå 1.august.
Alderspsykiatri Sunnmøre er samlokalisert med resterande sjukehuspsykiatri. Avdeling for sjukehuspykiatri er samansett av:
Psykose sengepost Sunnmøre
Akutt psykisk helse Sunnmøre
Alderpsykiatri Sunnmøre
Allmennpsykiatri Sunnmøre
Sikkerhetspsykiatri Sunnmøre
Spesialisert habilitering
Alderspsykiatri Sunnmøre er sett saman av ein poliklinikk og ein døgnpost med 6 sengar. Arbeidsstad for stillinga vil vere ved døgnposten.
Seksjonen er tverrfagleg samansett av legespesialistar, lege i spesialisering, spesial ergoterapeut, geriatrisk og psykiatrisk sjukepleiar, vernepleiar, hjelpepleiar, helsefagarbeidar og merkantile ressursar. Døgnposten har fokus på utredning og behandling, og har eit høgt fagleg fokus. Poliklinikken tek imot pasientar i eigne lokale, ved besøk heime eller på institusjon. Målgruppa er personar over 65 år med nyoppstått psykisk liding bl.a depresjon, angst, psykose og eller ulike demenstilstander med nevropsykiatriske symptom (NPS).
Vi har godt samarbeid internt i seksjonen mellom døgnpost og poliklinikk samt andre instansar i spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta.
Arbeidsoppgåver
- Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientane
- Til ei kvar tid halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrar
- Fylje seksjonen sine kompetansehevingstiltak, delta aktivt i seksjonen si utvikling
- Ansvarsvakt med dei oppgåver og ansvar det inneber
- Dokumentasjon
- Medikamenthandtering - ha medisinansvar
- Gi rettleiing og opplæring til nye kollega
- Pasientnært arbeid
- Delta i obligatorisk opplæring og trening i MAP (møte med aggresjonsproblematikk) for trygg handtering av utfordrande situasjonar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar med relevant vidareutdanning i psykiatri eller geriatri
- Sjukepleiar utan videreutdanning kan verte vurdert for stillinga
- Det er ønskeleg med erfaring frå alderspsykiatri
- Meistre norsk skriftleg og munnleg
- God digital kompetanse - gjerne kjennskap til Helseplattformen
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å arbeide i tverrfaglege team
- Du har gode kommunikasjons – og samarbeidsevner
- Du kan arbeide sjølvstendig
- Du tek initiativ
- Du er løysingsorientert, nytenkande og fleksibel
- Du er medverkar til eit godt psykososialt arbeidsmiljø
- Du er omstillingsdyktig
- Du har stor arbeidskapasitet - fysisk og psykisk egna til stillinga
- Du er ein relasjonsbyggar
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Eit støttande kollegamiljø
- Arbeidskle
- Fagleg utvikling - fagdagar
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.Kontaktinformasjon
Pamela Riise Loe, Seksjonsleiar, Pamela.Riise.Loe@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5136771617
Stillingsprosent: 85%
Fast
Søknadsfrist: 28.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
44ee61f5-c549-4745-8460-738e2aede218
- Sist endret
12. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a78e4d18e0f740e6b3375843f3461a8d