Sjukepleiar/vernepleiar
Psykose sengepost Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Oppstart
- 1. juli 2026
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/vernepleiar
- Type ansettelse
- Fast, deltid 26%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 25. juni
Vil du vere med og bygge opp eit nytt behandlingstilbod innan psykisk helsevern?
Psykose sengepost Sunnmøre søker ein engasjert og fagleg sterk medarbeidar til stillinga som sjukepleiar/vernepleiar. Oppstart 11. august.
Vi tilbyr for tida langvakter på natt og arbeid kvar fjerde helg.
Psykose Sunnmøre opna i oktober 2025, og du får her ei unik moglegheit til å vere med i vidareutviklinga av ein heilt ny sengepost med høge ambisjonar for fag, kvalitet og pasientsikkerheit.
Seksjonen tilbyr utredning og behandling for personar med psykoselidingar som har behov for døgnopphald. Vi arbeidar tverrfagleg i team som består av psykiater, psykologspesialist, LIS3, vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar og helsefagarbeidarar.
Som medarbeidar ved Psykose sengepost Sunnmøre vert du ein del av eit fagmiljø som legg stor vekt på:
- Kvalitet og fagleg tryggleik
- Samarbeid og godt arbeidsmiljø
- Kontinuerleg utvikling og forbetring
- Tett samhandling med andre seksjonar og førstelinetenesta
Seksjonen tilhøyrer Avdeling for sykehuspsykiatri Sunnmøre, saman med Akutt psykisk helse Sunnmøre, Sikkerhetspsykiatri Sunnmøre, Allmennpsykiatri Sunnmøre, Spesialisert habilitering Sunnmøre og Alderspsykiatri Sunnmøre.
Arbeidsoppgåver
Som sjukepleiar ved Psykose sengepost Sunnmøre vil du ha ei sentral rolle i å sikre heilheitleg og forsvarleg behandling:
- Arbeid etter individuelle behandlingsmål og tiltaksplanar
- Fagleg oppdatering og arbeid etter gjeldande rutinar og retningsliner
- Deltakelse i obligatorisk MAP-opplæring (handtering av aggresjonsproblematikk)
- Ansvarsvakt med koordinering og beslutningsstøtte
- Bidra til fag- og kvalitetsutvikling, inkludert forbetringsarbeid og deltaking i fagmøter
- Rettleiing av studentar, nyansatte og samarbeidspartnarar
- Aktiv deltaker i å bygge eit trygt, inkluderande og godt arbeids- og læringsmiljø
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Gjerne erfaring frå arbeid innan psykisk helsevern
- Beherskar norsk godt, både skriftleg og munnleg
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Du har interesse for arbeid med mennesker med psykoselidingar
- Du har gode samarbeidsevner og evne til å jobbe tverrfagleg
- Du er trygg, strukturert og relasjonsorientert
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.Kontaktinformasjon
Erik Sletten Helgesen, Seksjonsleiar, erik.sletten.helgesen@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5139113207
Stillingsprosent: 26%
Fast
Startdato: 01.07.2026
Søknadsfrist: 25.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4a08272a-6eb4-403c-81b2-03e74a0cc052
- Sist endret
10. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
dd7b7520dca6459a94fab17b75fc6912