Psykiatrisk sjukepleiar
FACT DPS Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Digernes Næringsområde 9, 6260 Skodje
Om jobben
- Stillingstittel
- Psykiatrisk sjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 24. juni
Vi har ledig 100 % fast stilling for sjukepleiar med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid og/eller rusbehandling.
Stillinga inngår i eit arbeidsfellesskap saman med andre spesialsjukepleiarar, psykiatrar, psykologspesialistar med fleire.
FACT DPS Ålesund er ein del av DPS Sunnmøre. Vi gir tilbod om utgreiing og behandling i pasienten sitt heimemiljø. Vi har ei tverrfagleg tilnærming i behandlinga og legg vekt på tett samarbeid med pasient, pårørande og kommunale tenester.
Vi har kontor på Digernes Næringsområde i Ålesund kommune og tilbyr ambulante spesialisthelsetenester på Nordre Sunnmøre. Som ein del av distriktspsykiatrien reiser vi rundt frå Geiranger i søraust til Ona i nord og Alnes i vest. Dei to teama i seksjonen dekker kvar sitt geografiske område som til saman omfattar vel 100.000 innbyggarar fordelt på sju kommunar.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling innan psykisk helse og rus
- Tverrfagleg samarbeid, internt og eksternt
- Fagleg utviklingsarbeid og rettleiing
Kvalifikasjonar
- Norsk autoriasjon som sjukepleiar med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid eller rus
- Erfaring frå arbeid innan psykisk helse og rus og/eller ambulante tenester er ønskjeleg
- Førarkort klasse B
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Du har gode evner til kommunikasjon og etablering av terapeutiske relasjonar
- Du har evne til å arbeide sjølvstendig og i team og er innstilt på å samarbeide på tvers av faggrupper, til pasientens sitt beste
- Du har ei positiv, deltakande og fleksibel haldning
Vi tilbyr
- Varierte og interessante arbeidsoppgåver
- Faglege utfordringar og tilrettelegging for fagleg utvikling
- Eit fagmiljø med engasjerte og trivelege medarbeidarar
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- FACT - tillegg
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.Kontaktinformasjon
Ronald Longva, Seksjonsleiar, +47 70173190, Ronald.Longva@helse-mr.noArbeidssted
Digernes Næringsområde 96260 Skodje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5141206937
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0ea44352-dc98-4675-a356-64f698cf45d4
- Sist endret
10. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5530bd6d90db4dacbd6367a76b89f343