Overlege psykiatri
Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Nøisomhedvegen 12, 6416 Molde
Om jobben
- Stillingstittel
- Overlege psykiatri
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. juni
Vi har ledig fast stilling for overlege i psykiatri frå snarast.
Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde er ein vaksenpsykiatrisk døgnseksjon med 16 plassar der 2 plassar er brukarstyrte. Seksjonen har ei rekke gruppetilbod for både inneliggande og polikliniske pasientar. Vi tilstreber å ha fokus på verdibasert behandling for pasientane våre og arbeider med å implementere dette i seksjonen. Samhandling med pasient, pårørande, interne og eksterne samarbeidspartnarar er viktig i pasientforløpet.
Vi har 2 overlegestillingar, 2 psykologspesialiststillingar, fysioterapeut, 1 sosionom, 4 LIS, sjukepleiarar, vernepleiarar og hjelpepleiarar jobbar miljøterapeutisk i tett samarbeid med behandlarpersonell. Vi er tverrfagleg samansatt og tilstreber ein høg fagleg profil. Vi har eit eineståande arbeidsmiljø, og dette gjenspeiler heile seksjonen og behandlinga som vi tilbyr pasientane våre.
Vi gler oss til å møte deg som skal bli vår nye kollega! Ta kontakt med seksjonsleiar for nærmare informasjon.
Arbeidsoppgåver
- Behandling, diagnostisering og utgreiing av pasientar
- Individual terapi og pårørendesamtalar
- Deltaking i tverrfaglege behandlingsmøter
- Samhandling og tverrfagleg samarbeid med kommunale tenester
- Deltaking i kvalitetsforbetringssarbeid
- Undervisning og rettleiing til primærhelsetenesta og legar i spesialisering
- Vidareutvikling av behandlingstilbodet
- Deltaking i vaktordning
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent norsk spesialist innan psykiatri
- LIS som nærmar seg fullført spesialisering kan også vere aktuell for stillinga
- Erfaring frå arbeid innan vaksenpsykiatri
- Ønskjeleg med brei klinisk erfaring, eksempelvis innan psykisk helsevern, og/eller rusfeltet og arbeidserfaring frå sengepostar innan vaksenpsykiatrien
- Må meistre norsk munnleg og skriftleg godt
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner
- Du har gode evner til å kommunisere, både med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du er fleksibel, løysingsorientert og ansvarsbevist
- Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
- Du har evne til å samarbeide på tvers av ulike fagmiljøer
- Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse
- Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Tilrettelegging for fagleg utvikling
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Studiepermisjon 4 mnd kvart 5. år som spesialist
Byen vår!Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her
Kontaktinformasjon
Tor Nygaard, Avdelingssjef, Tor.nygaard@helse-mr.noArbeidsstad
Nøisomhedvegen 126416 MOLDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5125259539
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
20f9669a-e8be-4638-8d0f-72bec5ef4591
- Sist endret
7. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3ce2309a690b41539af5072bf1593120