Hopp til innhold

Sjukepleiar/spesialsjukepleiar

Arbeidsgiver

Allmenn- og alderspsykiatri døgn SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Opdølvegen 4, 6450 Hjelset

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 25. november

Vi har ledig eit 100 % vikariat for sjukepleiar på natt med tilsetjing snarast. Spesialsjukepleiarar med relevant vidareutdanning er òg velkomne til å søkje. Vil du vere med på laget vårt?

Ved seksjon for allmenn- og alderspsykiatri SNR søkjer vi ein fagleg trygg og engasjert sjukepleiar som møter pasientar og kollegaer med respekt, omsorg og profesjonalitet. Vi ønskjer ein medarbeidar som kjenner eigne styrkar og avgrensingar, som tek ansvar når situasjonen krev det, og som bidreg aktivt med faglege innspel og refleksjonar i samarbeid med kollegaene sine.

Arbeidet kan vere emosjonelt krevjande. Du vil møte menneske som ber med seg vanskelege livserfaringar og som strevar med konsekvensane av dette. Difor er det viktig at du er robust, trygg i rolla di og har evne til å be om støtte, rettleiing og fagleg påfyll når du treng det.

Seksjonen vår er tverrfagleg samansett, og hovudoppgåvene omfattar utgreiing og behandling av demens med åtferds- og psykiske symptom (APSD), alvorlege depressive lidingar, angstlidingar, alvorlege eteforstyrringar og andre alvorlege psykiske lidingar. Vi har tett samarbeid med andre seksjonar i føretaket, samt poliklinikken i seksjonen.
Døgnposten har ni sengeplassar, inkludert moglegheit for to intensivplassar. Seksjonen har ikkje akuttfunksjon. Innlegging skjer etter tilvising frå fastlege, sjukeheimslege eller annan lege, seksjon eller avdeling i helseføretaket. Vi tilbyr også rettleiing og støtte til samarbeidspartnarane våre i kommunane.

Høyrest dette ut som ei stilling for deg? Då håpar vi at du søkjer. Vi ser fram til å høyre frå deg!


Arbeidsoppgåver

  • Bidra i miljøarbeid, kartlegging, utgreiing og rettleiing. Seksjonen har eit stort fokus på miljøtiltak
  • Bidra til gode pasientforløp i samarbeid med kollega i sengeposten og poliklinikken
  • Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak
  • Halde seg fagleg oppdatert og følgje seksjonen sine kompetansehevingstiltak 
  • Bidra til å utvikle eit godt samarbeid med kommunane
  • Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrar 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Spesialsjukepleier med relevant viderutdanning kan og søke. 
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du tek utfordringar på sparket og stoler på deg sjølv
  • Du er omstillingsdyktig
  • Du er positiv og ein god relasjonsbyggar
  • Du er fleksibel og løysingsorientert
  • Du er god til å samarbeide på tvers av yrkesgrupper
  • Du har stor arbeidskapasitet
  • Du er fysisk og psykisk eigna til stillinga
  • Du er fagleg tydeleg og gjr tilbakemeldingar til kollega både på det negative og positive
  • Å vere personleg egna vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Marit Møgedal Stokkeland, Seksjonsleiar, +47 46683184, Marit.Mogedal.Stokkeland@helse-mr.no

Arbeidssted

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5204865620
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 25.11.2026

Kontaktperson for stillingen

Marit Møgedal Stokkeland

Seksjonsleiar

+47 46683184

Marit.Mogedal.Stokkeland@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

edb0145b-46b1-41d1-862b-04014cf9ba55

Sist endret

11. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

1f4c4975c1d34770ae3511762b50ba60

Lignende annonser

Laster lignende annonser