Hopp til innhold

Fagarbeidar i Flekke barnehage - 100 % fast stilling

Arbeidsgiver

Fjaler kommune Flekke barnehage

Sted

Hauglandsvegen 50, 6968 Flekke

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 28. juni

Flekke barnehage har ledig ei 100 % fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar frå snarast. Som fagarbeidar vil du vere med og aktivt bidra til og delta i det pedagogiske arbeidet på avdelinga. Vi ser etter deg som er god på å bygge relasjonar til barna og deira føresette og som vil vere med oss på å lage gode kvardagar for store og små. Har du engasjement og initiativ og kan syne empati og gje god omsorg for barna? Då kan det vere nettopp deg vi ser etter.

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål om stillinga.


Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer primært ein fagarbeidar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
  • Søkjarar med relevant erfaring frå arbeid med barn kan bli vurdert, men søkjarar med fagbrev vil bli prioritert.
  • Ynskjeleg med erfaring frå arbeid med barn i barnehage
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og muntleg.
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Personlege eigenskapar

  • Har godt samspel med barn og vaksne.
  • Er engasjert, omsorgsfull og har evne til å ta barneperspektivet.
  • Kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner.
  • Evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør.

Vi vektlegg at du er personleg eigna til stillinga.

Vi tilbyr

  • Ein variert og kjekk kvardag.
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer.
  • Løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Givande leik med flotte barn kvar dag

 

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få
høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 


 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Torunn Åsnes

Styrar Flekke barnehage

+47 90065423

Torunn.Asnes@fjaler.kommune.no

Om bedriften

Flekke barnehage har 36 barn fordelt på tre avdelingar. Barnehagen er lokalisert i same bygg som skulen, og vi har difor ekstra tett samarbeid med skulen. Barnehagen har sterkt fokus på at barna skal oppleve eit trygt og aksepterande miljø, der barna får høve til å nytte og utvikle sine sterke sider på ein god måte i leik og læring. Flekke barnehage ligg i vakre omgjevnader i eit naturrikt område med gode føresetnader for friluftsliv. Aktivitetar kan knytast både til sjø, skog og fjell.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8b37ef92-d0ab-47e1-a1db-f225a19a7285

Sist endret

16. juni 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3638479_249255_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser