Hopp til innhold

100% fast stilling som Reinhaldar

Arbeidsgiver

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter As

Sted

Hauglandsvegen 309, 6968 Flekke

Om jobben

Då ein av våre gode reinhaldarar gjennom mange år skal gå av med pensjon, søker vi no etter ny, engasjert reinhaldar. Vi ser etter deg som har interesse for reinhald og ser betydninga av godt reinhald for å sikre eit trygt, helsefremjande og triveleg miljø.

Oppstart
1. september 2026
Stillingstittel
Renholder
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager og lørdag

Søk på jobben

Søk senest søndag 21. juni

Send søknad til

ledigstilling@rkhr.no

Hva vi ser etter

  • Er serviceinnstilt og løysingsorientert

  • Tek ansvar og arbeider sjølvstendig

  • Er oppteken av kvalitet og av å gjere godt arbeid

  • Samarbeider og kommuniserer godt med andre

  • Erfaring frå reinhaldsarbeid

  • Førarkort klasse B er ein fordel

  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Arbeidsoppgaver

  • Dagleg reinhald av pasientrom og fellesareal.

  • Reingjeringsoppgåvene vert utført etter NS Insta 800.

  • Periodisk reinhald.

  • Arbeidsoppgåver knytt til eige vaskeri.

  • Bruk av reinhaldsmaskiner.

  • Andre oppgåver innan reinhald ved behov.

Vi tilbyr

  • Ei spennande stilling med fagleg ansvar

  • Moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving

  • Fast arbeidstid og ordna tilhøve

  • Gode lønns- og pensjonsordningar

  • Varierte arbeidsoppgåver i fine omgjevnader

  • Godt arbeidsmiljø

  • Gode velferdsordningar og personalgoder som tilgang til basseng og treningsfasilitetar

Kontaktperson for stillingen

Elin Håland

Driftsleiar

91357625

elin.haaland@rkhr.no

Om bedriften

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein spesialistinstitusjon innan fysikalsk medisin og rehabilitering. Senteret gir tilbod til pasientar med behov for intensiv, tverrfagleg rehabilitering i spesialisthelsetenesta.

Verdiane vi jobbar etter er respekt og likeverd, og vi er opptatt av å ha eit ressursfokus i tilnærminga til pasientane.

Senteret har driftsavtale med Helse Vest RHF om døgnrehabilitering. Vi tilbyr både gruppe- og/eller individuelle opphald for vaksne, ungdom og barn. Det er kring 1100 pasientar til rehabilitering ved senteret kvart år.

Vi held til i Flekke i Fjaler, om lag 15 mil nord for Bergen. Det kort veg til skule/barnehage og butikk. Vi er samlokalisert og samarbeider med den internasjonale skulen UWC Røde Kors Nordisk, og elevane representerer eit stort mangfald  på campus.

Senteret ligg flott til ved fjorden som aktivt vert nytta i rehabiliteringa. Som tilsett har du tilgang til senteret sine treningsfasilitetar både ute og inne.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8af9b298-8189-4a08-9184-b0e6812fb6bf

Sist endret

5. juni 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

8af9b298-8189-4a08-9184-b0e6812fb6bf

Lignende annonser

Laster lignende annonser