Hopp til innhold

Har du interesse for MR? Vi har ledig stilling som Radiograf 1 (fagstilling)

Arbeidsgiver

Radiologisk seksjon Førde, Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Radiograf 1 (fagstilling)
Oppstart
5. januar 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Radiologisk avdeling i Førde tilbyr ein meiningsfull og interessant arbeidsdag i tett samarbeid med gode kollegaer. Hos oss vil du bli utfordra fagleg og få sjansen til å vere med å utvikle MR-tilbodet i Helse Førde. Samtidig bur du midt i det vi kallar livets leikeplass: Vestlandet!

No har vi ledig stilling til deg som ønsker meir fagleg utfordring:

  • 100% fast stilling som Radiograf 1 MR
  • Radiograf 1 MR ei fagstilling der du i samarbeid med Fagradiograf MR vil jobbe med fagutvikling ved modaliteten. Stillinga er del av ei 3-delt turnusordning med arbeid kvar 3.-4.helg (35,5t veke). Vi er fleksible rundt kva som blir din første arbeidsdag.

    Dette vil du jobbe med:
    • Radiograffagleg arbeid innan MR
    • Kvalitets- og utviklingsarbeid
    • Utforming av protokollar- og prosedyrar
    • Informasjon og undervisning

    Kva kan vi tilby?

    • Ved Radiologisk avdeling ved Førde sentralsjukehus er vi opptatt av at du skal trivast saman med kollegaene dine, samtidig som du opplever fagleg utvikling og meistring i jobben. Vi har stort fokus på kvalitet, og jobbar aktivt for god pasientflyt og at pasienten kjenner seg ivaretatt.
    • Vi set trivsel høgt og er ein arbeidsplass med flotte kollegaer og mykje humor. Vi har eigen trivselskomité som fiksar julebord, sommarfest og andre sosiale samankomstar. Ikkje bli overraska om vaffellukta brer seg på personalrommet.
    • Du vil oppleve fagleg utfordring og sjansen til å utvikle kompetanse og ferdigheter innan MR. Samtidig får du påverke og utvikle MR-tilbodet i Helse Førde.
    • Om du ønsker å ta steget vidare, kan vi tilby både kurs og vidareutdanning

    Her kan du bli betre kjent med oss, samt få 10 gode grunnar til å jobbe med oss!

     

    Kven ser vi etter? 

    God kommunikasjon er kanskje ein av dine viktigaste styrkar, då det er avgjerande for å vere flink med pasientar, fungere med kollegaer og mot andre avdelingar og profesjonar. Du har utvida kompetanse og erfaring innan MR, men er også fagleg nysgjerrig, motivert og interessert i å bidra i utvikling innan MR ved FSS framover. Du viser engasjement og interesse, samt jobbar strukturert og sjølvstendig. Det er ein fordel om du har vidareutdanning i MR, men om du ikkje har det, kan vi legge til rette for at du skal kunne gjennomføre det hjå oss. Det er krav om norsk autorisasjon som radiograf. 

     
    Bu midt i livets leikeplass: Vestlandet!

    I Sunnfjord bur du midt i eit friluftseldorado med kort veg til toppturar, klatring, stisykling, kajakkpadling og andre aktivitetar. I løpet av ei helg kan du oppleve både strender i verdsklasse og fjellturar du elles berre ser på instagram.  

    Her er også urbane tilbod som restaurantar, kjøpesenter, treningssenter, kaféliv, kulturliv, teater og konsertar. Vi har flyplass og eit godt utbygd kollektivtilbod, og Bergen ligg tre timar unna med bil. I Sunnfjord vil du oppleve ein enkel kvardagslogistikk med korte avstandar til det meste.
     
    Seksjonen har omlag 50 tilsette, der 30 er radiografar. Vi har 2 CT-maskiner, 2 MR-maskiner (Philips Ingenia 1,5T og Philips Ingenia Elition X 3T), 3 konvensjonelle røntgen apparat, 2 digitale mobile apparat, 2 mammografiapparat (klinisk og screening), gjennomlysing/intervensjon/angio, samt 3 ultralyd apparat. Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus som har kliniske avdelingar innan dei fleste fagområda. Sjå www.helse-forde.no .   


    Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Reidun Brekke, Seksjonsleiar FSS, (+47) 578 39 616

    Arbeidssted

    Svanehaugvegen 2
    6812 Førde

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Helse Førde

    Referansenr.: 5026404716
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Startdato: 05.01.2026
    Søknadsfrist: 30.11.2025

    Om bedriften

    Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

    Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

    Sektor

    Offentlig

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    8a2c298f-c949-4457-ad82-2ed7c5859a8c

    Sist endret

    1. desember 2025

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    b61a7b5551b445abbf6d825201fc8b8f

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser