Hopp til innhold

Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver

Medisinsk sengepost 2 Førde, Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 14. april

Medisinsk sengepost 2 ved Førde sentralsjukehus har ledig 100% stilling som helsefagarbeidar. Stillinga er samansett slik:

  • 60% fast stilling frå d.d.
  • 40% vikariat frå d.d til 01.06.2028, med moglegheit til forlenging

Det er ønskjeleg at du søkjer på heile stillinga.

Vi ønskjer å kome i kontakt med deg som har fagleg engasjement og som ønskjer å bidra til god kvalitet i tenestene våre.

Medisinsk sengepost 1 og 2 har flytta inn i nytt og moderne sjukehusbygg.
Medisinsk sengepost 2 har spesialisering innan mage/tarm, lunge, lungekreft og utgreiing .
Medisinsk sengepost 1 har nyre, diabetes og endokrinologi, og hjartesjukdommar som spesialiserte fagfelt.
Vi samarbeidar tett på tvers av postane.

Hos oss får du ein kvardag med stor variasjon og eit mangfald av kollegaer som du kan spørje og støtte deg på. Vi tilbyr gode moglegheiter for fagleg utvikling og nye erfaringar i eit spanande og lærerikt miljø.


Arbeidsoppgåver

Som helsefagarbeidar vil du møte akutte og kronisk sjuke pasientar med ulike sjukdomsbilete, mange av pasientane er eldre med samansette helseplager. Arbeidet er pasientrelatert med oppfølging av behandling, stell og pleie. Det er 3-delt turnus og ein må kunne jobbe i det.

Arbeidet er tverrfagleg og vi samarbeider også med pårørande og primærhelsetenesta. I det tverrfaglege arbeidet samarbeider ein til dømes med lege, fysioterapeut, ergoterapeut og apotekpersonell. Helsefagarbeidar jobbar i team med sjukepleiar.

Dokumentasjon i DIPS og Meona er ein del av det daglege arbeidet.

Kvalifikasjonar

Dokumentert autorisasjon som helsefagarbeidar.

Det vil vere ein fordel om du har erfaring frå sengepostarbeid frå tidlegare, men ikkje påkrevd. Du må kunne handtere bruk av PC med tilhøyrande program. Det vert gitt opplæring i sjølve programma vi brukar. Søkjar må mestre godt norsk både skriftleg og munnleg.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein engasjert og motivert helsefagarbeidar som ønskjer å ta del i ein hektisk kvardag med mange varierte problemstillingar. Det er viktig at du kan arbeide både sjølvstendig og i team.
Ei av våre styrker er at vi er ei inkluderande gruppe som hjelper kvarandre og har lav terskel for å stille spørsmål. Fagleg utvikling, evne til fleksibilitet og omstilling er eigenskapar som er viktige hos oss.

Vi tilbyr

Medisinsk sengepost tilbyr god opplæring gjennom faddeordning med trygge rammer. Vi jobbar aktivt med organisasjonsutvikling på våre tenester og ønskjer gode og glade medarbeidarar med oss på laget for å skape eit nytt og betre sjukehus for våre pasientar og tilsette. Vi har fokus på å styrkje sosial tilhøyrsle og trivsel på arbeidsplassen med årlege treffpunkt.
Medisinsk sengepost ønskjer å legge til rette for langvakter for dei som ønskjer å ha det. Vi startar med dette i juni på helg. 


Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Anne Mari Indrebø, (+47) 578 39 411

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5105612970
Stillingsprosent: 60, 40%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 14.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Anne Mari Indrebø

(+47) 578 39 411

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a6401223-3119-48cb-8f14-078277c72083

Sist endret

31. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

2994500e1e0a43a7abaf351a59fca8a1

Lignende annonser

Laster lignende annonser