Rådgjevar
Kvalitet og pasienttryggleik, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgjevar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. april
Hos oss får du ei rolle der klager, tilsyn og faglege spørsmål møter kompetanse, systematikk og godt samarbeid. Vi søkjer ein rådgjevar med helsefagleg bakgrunn, som er trygg i faget, nysgjerrig på utvikling og klar for å koordinere komplekse saker som har stor betydning for pasientar, pårørande og heile organisasjonen. Du må evne å setje deg inn i mange ulike saker og fagområde på kort tid, og ha lett for å samarbeide med ulike kompetansemiljø og personar. Hovudområde for stillinga vil vere koordinering og saksbehandling innan klage,- fag- og tilsynssaker, samt oppfølging av saker til ulike meldeordningar.
Om Seksjon for kvalitet og pasienttryggleik
Seksjonen har ei tverrfagleg samansetjng med tilsette frå ulike helsefag og forvaltning. Vi støttar dei kliniske einingane og leiinga i føretaket i arbeidet med :
- Pasienttryggleik og forbetringsarbeid
- Tilsynssaker, pasient- og pårørandeklager , og saker til Norsk pasientskadeerstatning
- Melding om og oppfølging av uønska hendingar
- Legemiddeltryggleik
- Styrande dokumentasjon, interne og eksterne systemrevisjonar
- Brukarundersøkinga
- Smittevern
- Kliniske fagprosedyrer og kvalitetshandbok
- Dokumentasjon og forvaltning
- Miljø og samfunnsansvar
Seksjonen deltek også i ulike lokale, regionale og nasjonale utviklingsprosjekt.
Rådgjevar arbeider sjølvstendig innanfor sine oppgåver. Evne til heilskapstenking, tydeleg kommunikasjon og å arbeide strukturert vert sett på som viktige eigenskapar.
Arbeidsoppgåver
- Koordinering, saksbehandling og forvaltning av klage-, fag-, og tilsynssaker i Helse Førde
- Kontaktperson for eksterne partar /offentlege etatar
- Delta i varselteamet og bidra i hendingsanalyser
- Ansvar for ein del funksjonar der seksjon kvalitet og pasienttryggleik er kontaktpunkt
- Gje råd og rettleiing til leiarar og behandlarar i saksbehandling
- Bidra i arbeidet med å lære av klage og tilsynsaker
- Førebu, delta i og koordinere saker til råd og utval som er knytt til pasienttryggleik og kvalitet
- Bidra i regionale prosessar og arbeid knytt til arbeidsområde
- Andre oppgåver som er knytt til ansvarsområde for seksjonen
Kvalifikasjonar
- Utdanningsnivå: Helsefag med minmum bachelorgrad
- Relevant utdanning og erfaring/kompetanse innan saksbehandling og forvaltning
- Erfaring med dialog og rettleiing til pasient/brukarar og pårørande
- Kompetanse innan forbetringsarbeid
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Arbeider strukturert og systematisk, både sjølvstendig og i team
- Er målretta, initiativrik og får oppgåvene gjort
- Har god gjennomføringsevne og trivs med ansvar
- Har gode samarbeidsevner og trivs i tverrfaglege prosessar
- Har engasjement for fagfeltet og ønskjer fagleg utvikling
- Handterer krevjande saker roleg og profesjonelt
- Er analytisk, sjølvstendig og engasjert i kvalitet og pasienttryggleiksarbeid
Vi tilbyr
- Variert arbeidskvardag i eit fagleg sterkt og triveleg arbeidsmiljø
- Gode moglegheiter for utvikling og kompetanseheving
- Samarbeid på tvers av heile føretaket
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kari Holvik Furevik, Seksjonsleiar Kvalitet og pasienttryggleik, (+47) 970 95 244Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5089922471
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Kari Holvik Furevik
Seksjonsleiar Kvalitet og pasienttryggleik
(+47) 970 95 244
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3bb0f7fa-e6f4-434a-a168-20c46be069a6
- Sist endret
25. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
54a205fe508545ff8e5126ab84ad31a3