Seksjonsleiar Laboratorium for patologi
Avdeling for patologi, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
- Oppstart
- 1. juli 2026
- Stillingstittel
- Seksjonsleiar laboratorium for patologi
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 18. mai
På patologiavdelinga arbeider vi saman om diagnostikk på vev- og celleprøvar. Ein diagnose fra patologen kan seie om pasienten har kreft eller ikkje, og gir eit godt grunnlag for best mogleg behandling. Vi mottek prøvar frå pasientar i dei kliniske avdelingane ved sjukehusa, og frå primærhelsetenesta. Avdelinga utfører diagnostikk og deltek i utdanning, forsking og utvikling til det beste for våre pasientar. Utviklinga i faget er spennande og rask, der digitalisering og persontilpassa medisin no blir ein del av vår kvardag. Som leiar hos oss vert du ein del av eit tett og godt fagmiljø med varierte arbeidsdagar.
Patologisk laboratorium består av fagområda histologi, cytologi, molekylærbiologi og autopsi, samt merkantil funksjon. Vi er opptatt av kvalitetssikring av tenestene og arbeider mot akkreditering etter ISO 15189 for laboratoriet. Seksjonsleiar har overordna ansvar for drift av seksjonen når det gjeld fag, økonomi og administrasjon.
Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus med kliniske avdelingar for indremedisin, kirurgi, ortopedi, nevrologi, kreft, barn og ungdom, kvinneklinikk, øyre-nase-hals, intensiv og psykiatri. Førde ligg sentralt i tidlegare Sogn og Fjordane, med god tilgang til flott vestlandsnatur. Her er gode moglegheiter for topptur både sommar og vinter, samt kort veg til kyst og båtliv. Førde er eit handelssentrum med eit rikt kulturelt tilbod som strekkjer seg frå kunst til konsertar.
Arbeidsoppgåver
Som seksjonsleiar har du det samla ansvaret for fag, drift, personal og økonomi i seksjonen.
Hovudoppgåver i stillinga:
- Planlegge og følge opp drift, budsjett og ressursbruk, og sørgje for god økonomistyring
- Leie og utvikle medarbeidarar
- Tilrettelegge for faglig utvikling og forskning
- Drive endrings- og utviklingsarbeid
- Sørge for at HMS-arbeidet i seksjonen gjerast etter gjeldende lover og forskrifter
- Delta i drift ved behov etter avtale med avdelingssjef
Kvalifikasjonar
- Autorisert bioingeniør eller anna relevant utdanning
- Røynsle frå patologi er ein fordel
- Relevant leiarerfaring eller leiarutdanning er ein fordel
- Erfaring med kvalitets- og forbetringsarbeid er ønskjeleg
- Administrativ erfaring er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Strategisk - ser heilskap og langsiktige behov, og prioriterer og tek avgjerder i tråd med seksjonens og avdelinga sine mål.
- Løysingsorientert - identifiserer problem, ser det store biletet og søkjer praktiske og fornuftige løysingar.
- Relasjonsorientert - ser medarbeidarar, forstår individuelle behov og skapar et trygt og inkluderende arbeidsmiljø.
- Fagleg - har Interesse for fagleg utvikling, forskning og teknologi som driv patologifaget framover.
- Endringsvillig, nytenkjande og initiativrik.
Vi tilbyr
- Spennande og motiverende fagmiljø i vekst og utvikling med fokus på leiing
- Du blir en del av eit viktig samfunnsoppdrag
- Individuelt leiarutviklingsprogram
- Fagleg og personleg utvikling
- Eit trygt og godt arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Hjelp med bustad, opplys om dette er ønskeleg
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Tonje Bøyum Riste, Avdelingssjef, +47 91806787Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 5114450108
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.07.2026
Søknadsfrist: 18.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Tonje Bøyum Riste
Avdelingssjef
+47 91806787
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d3d19b5e-16de-4ce5-a988-82f65c186f66
- Sist endret
30. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f86ac2d9dc464010afc6e39a7557cf49