Hopp til innhold

Seksjonsleiar 

Arbeidsgiver

Nevro og revma poliklinikk, Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Seksjonsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 25. mai

Vil du vere med å leie og vidareutvikle Nevro og Revma poliklinikk?

Ved Nevro og Revma poliklinikk i Helse Førde har vi frå hausten ledig fast stilling som seksjonsleiar. Kvar dag arbeider vi for å gi pasientane våre eit trygt, fagleg sterkt og heilskapleg tilbod – og no søkjer vi ein engasjert leiar som vil vere med å løfte seksjonen vidare.

Seksjonen omfattar revmatologi, nevrologi, klinisk nevrofysiologi og ei ny infusjonspoliklinikk ved sentralsjukehuset, som opnar hausten 2026. Stillinga gir eit breitt ansvar innan fag, drift, økonomi og personal, og gode moglegheiter til å påverke utviklinga av framtidas tenester.

Som seksjonsleiar blir du ein del av leiarteamet i Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering (ANRR). Du samarbeider tett med medisinskfagleg ansvarlege og resten av leiargruppa. Vi vektlegg samarbeid, kvalitet og utvikling, og ser etter ein leiar som motiverast av å skape gode resultat saman med andre.

Ved Førde sentralsjukehus finn du sterke fagmiljø og korte vegar mellom fag og leiing. Regionen byr samstundes på gode moglegheiter for friluftsliv, kultur og ein balansert kvardag.

Oppstart snarast eller etter nærare avtale.

Velkommen som søkjar!

Arbeidsoppgåver

  • Overordna ansvar for drift, fag, økonomi og personal i poliklinikken
  • Tett samarbeid med medisinskfagleg ansvarlege innan revmatologi og nevrologi.
  • Medlem av leiargruppa i Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering (ANRR), med avdelingssjef som næraste overordna
  • Deltaking i prosjekt- og utviklingsarbeid på seksjons- og avdelingsnivå
  • Deltaking i Medisinsk klinikk si utvida leiargruppe.
  • Tett samarbeid med vernetenesta, tillitsvalde og eigne tilsette.

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg bakgrunn og høgare utdanning frå høgskule eller universitet
  • Utdanning innan organisasjon og leiing, kvalitetsforbetring og/eller rettleiing
  • Relevant leiarerfaring kan kompensere for manglande formell leiarutdanning
  • Kjennskap til nevrologisk og eller revmatologisk fagområde er ein fordel, men ikkje eit krav.
  • Erfaring frå poliklinikkdrift i spesialisthelsetenesta er ein fordel.
  • Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • Motivasjon og engasjement for leiarrolla
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Initiativrik og engasjert
  • Løysningsorientert og beslutningsdyktig
  • Evne og vilje til å leie endrings- og utviklingsprosessar
  • God lagbyggjar med evne til å skape eit inkluderande og trygt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ei spanande leiarrolle med høve til å påverke utviklinga av tenestene
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Leiarutviklingsprogram i regi av føretaket
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Utfordrande og spennande stilling i samspel med mange engasjerte og dyktige kolleger i eit fantastisk fagmiljø.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Anne Marit Sølvberg Rygg, Avdelingssjef, (+47) 958 25 538

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5120755765
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Anne Marit Sølvberg Rygg

Avdelingssjef

(+47) 958 25 538

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5a21563e-b48d-4fe4-ac1d-e2b40bc12fbf

Sist endret

5. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

a578ef0a316b4ac2974f482d8819b23b

Lignende annonser

Laster lignende annonser