Hopp til innhold

Apotekar

Arbeidsgiver

Sjukehusapoteka Vest

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Apotekar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Sjukehusapoteka Vest HF (SAV) er eitt av fem sjølvstendige helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Dei seks sjukehusapoteka våre er knytta til dei største sjukehusa i regionen og skal sørgje for at sjukehus og pasientar i Vestland og Rogaland vert sikra legemiddel og tenester med høg farmasifagleg kompetanse.
Arbeidet vårt er fordelt på fire verksemdsområde: publikumsapotek, produksjon, sjukehusekspedisjon og farmasøytiske tenester. Det er om lag 30 tilsette ved Sjukehusapoteket i Førde i dag, inkludert tre avdelingsleiarar som saman med apotekar utgjer leiargruppa.
Apoteket har nyleg fått nye lokale og er inne i ein spennande periode, og har mellom anna nyleg etablert farmasitun i tett samarbeid med Helse Førde. 

Vi søkjer no ny apotekar. Hos oss får du ei unik moglegheit til å leie og vidareutvikle eit innhaldsrikt og spennande apotek, i tett samarbeid med medarbeidarar og andre leiarar. Du får ei nøkkelrolle i arbeidet med å sikre trygge og gode apotektenester til sjukehus og pasientar i Helse Førde sitt nedslagsfelt. I tillegg blir du blir ein viktig bidragsytar i SAV si toppleiargruppe, og leiaren din blir administrerande direktør.  

Oppstart i stillinga: 1. mai 2026, eller etter avtale.


Arbeidsoppgåver

  • øvste leiar for apoteket med personal-, økonomi- og fagleg ansvar for apoteket si drift og utvikling innanfor rammene til SAV
  • følgje opp og utvikle vidare samarbeidet med Helse Førde
  • ansvar for å ivareta og utvikle eit godt tenestetilbod på dei fire verksemdsområda 
  • andre oppgåver kan tilfalle ved behov

Kvalifikasjonar

  • Du er utdanna farmasøyt og fyller krava til å få driftskonsesjon for apotek
  • Vi ser etter deg som har leiarerfaring, primært frå apotek
  • Du må ha gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Gode IKT-kunnskapar er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Du trivst i leiarrolla og er opptatt av å oppnå resultat
  • Du er opptatt  av fagleg utvikling og er interessert i og nysgjerrig på fleire delar av farmasifaget
  • Du fremjar samarbeid og bidreg til trivsel og eit godt arbeidsmiljø
  • Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga

Vi tilbyr

  • ei leiande rolle i eit dynamisk, stort og inspirerande fagmiljø, med eit viktig samfunnsoppdrag i botn
  • gode moglegheiter for å utvikle deg fagleg og som leiar
  • støttande og samarbeidsvillige leiarkollegaer
  • godt arbeidsmiljø
  • løn etter avtale 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Tonje Folkvang, Administrerende direktør, +47 91144639

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sjukehusapoteka Vest

Referansenr.: 5086301650
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.03.2026

Om bedriften

Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,7 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv seks sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering

Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

888bc3c3-ab3c-4fc0-babf-280708bbd652

Sist endret

11. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

3814d00dbe2346ad964230b82c6ddeff

Lignende annonser

Laster lignende annonser