Hopp til innhold

Er du farmasøyt med hjartet for faget og lyst til å jobbe tett på pasientar?

Arbeidsgiver

Sjukehusapoteket i Førde, Sjukehusapoteka Vest

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Farmasøyt
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 14. april

Då vil vi gjerne høyre fra deg!

På Sjukehusapoteket i Førde er vi ei fin blanding av apotekteknikarar, assistentar, farmasøytar og tre sjukepleiarar. Hos oss får du rundt 30 trivelege og dyktige kollegaer, fordelt på fire ulike avdelingar som samarbeider tett. Som farmasøyt hos oss vil du kvar arbeidsdag bidra til at pasientar får legemidla dei treng og brukar dei på rett måte. 

I publikumsutsalet gir vi råd og vegleiing om legemiddelbruk, og besøkjande kan kjøpe legemiddel på eller utan resept, i produksjonsavdelinga lagar vi spesialtilpassa legemiddel til pasientar. I sjukehusekspedisjon sørger vi for at alle avdelingane på sjukehusa i Helse Førde får legemidla dei treng, og i avdeling for farmasøytisk rådgjeving hjelp vi legar, sjukepleiarar og anna helsepersonell med trygg og riktig bruk av legemiddel.  

Vi har også spennande arbeid med farmasitun, eit slags avansert medisinrom som ligg plassert tett opp til pasientbehandlinga på sengepostane på Førde sentralsjukehus.    

Vi forventar ikkje at du har erfaring med alle oppgåvene frå før, men at du har lyst og interesse for å lære. Elles ser vi etter deg som ønskjer å bidra til å levere gode tenester til sjukehus og pasientar, som likar å ta på deg nye oppgåver, som set pris på å samarbeide med andre og har lyst å bidra til eit godt arbeidsmiljø.  

Vi søkjer ein farmasøyt som vi ser for oss skal arbeide delt mellom sjukehusekspedisjonen og avdeling for farmasøytiske tenester. Det kan likevel bli aktuelt med veksling mellom dei andre avdelingane, og du vil få moglegheit til å arbeide breitt innan fleire fagområde. For arbeid i avdeling for farmasøytiske tenester, er det positivt om du har erfaring med klinisk farmasi. For arbeid i sjukehusekspedisjonen, er det ein fordel om du har erfaring med utlevering av legemiddel på rekvisjon og logistikkunnskapar.. 

Om Førde  
Førde ligg vakkert til ved utløpet av Jølstra-elva, omkransa av flotte fjordar og fjell. Med sine om lag 10 500 innbyggjarar og eit blomstrande lokalsamfunn, er Førde ein stad som har samla mange tilflyttarar.  Byen og Sunnfjord kommune satsar på kultur- og fritidstilbod, med ei rekkje arrangement gjennom året og eit breitt spekter av aktivitetar og tilbod for både barn og vaksne. 

For deg som vurderer å flytte til Førde for å jobbe hos oss på sjukehusapoteket, kan vi òg hjelpe deg med å finne bustad, dersom det er behov.   

Vi ser fram til å høyre frå deg – og ta gjerne kontakt om du lurer på noko. 


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil variere etter kva avdeling du jobbar i, her er nokre eksempel:   

  • vareflyt, logistikk og rettleiing av helsepersonell
  • fagleg rettleiing av kundar, pasientar og helsepersonell
  • delta i beredskapsvaktordning kan bli aktuelt
  • samarbeid med sjukehuset sine avdelingar i samband med blant anna utskriving av pasientar og potensielle mangelsituasjonar. 

Andre oppgåver kan komme til ved behov.

Formelle kvalifikasjonar

  • Du har autorisasjon som farmasøyt
  • Du har gjerne relevant arbeidserfaring, men vi vil også treffe deg som er nyutdanna
  • gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • gode IKT-kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du er trygg på faget ditt og flink til å formidle kunnskapen din.   
  • Du tek ansvar, er tilpassingsdyktig og jobbar nøyaktig, med merksemd på kvalitet.   
  • Du trivst med høgt tempo og held hovudet kaldt når det skjer mykje. 
  • Du er sørvisinnstilt, engasjert og delar gjerne kunnskap med kollegaene dine.     
  • Det vil bli lagt vekt på å vere personleg eigna for stillinga.

Kvifor velje oss?

  • Du jobbar i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø, med merksemd på kvalitet og kompetanse.
  • Du får sjansen til å utvikle deg både fagleg og personleg.  
  • Du får opplæring i og kompetanse på nye og spennande oppgåver.    
  • Du blir saman med oss andre ein viktig del av noko større i helsetenesta.  
  • Du får sjølvsagt løn i samsvar med gjeldande overeinskomst.  

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogeleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Vesna Tanaskovic Lien, Konstituert apoteker, +47 48670295

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sjukehusapoteka Vest

Referansenr.: 5103187458
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Vesna Tanaskovic Lien

Konstituert apoteker

+47 48670295

Om bedriften

Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,7 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv seks sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering

Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4013b8b2-4951-45bc-ab2a-17b377eff15a

Sist endret

31. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

56fd29103e2a41108f3706c19cda157d

Lignende annonser

Laster lignende annonser