Assisterande einingsleiar - fast stilling (100%) ved institusjon
Nesbukti Pleie- Og Omsorgssenter sjukepleiar 100 % fast stilling på korttidsavdeling
Nesvegen 10, 3840 Seljord
Om jobben
- Oppstart
- 1. november 2026
- Stillingstittel
- Sykepleier
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus, dagtid, alle dager
Søk på jobben
Søk senest søndag 14. juni
Nesbukti pleie- og omsorgssenter søker etter assisterande einingsleiar i 100 % fast stilling.
Stillinga er ledig frå 1. desember 2026, med ønskje om tiltreding 1. november 2026, eventuelt etter avtale. Det er ønskje om overlapp i forkant av tiltreding for å sikre god opplæring og ein trygg overgang i rolla.
Stillinga er ei kombinert stilling der 40 % er sett av til administrative og leiingsrelaterte oppgåver, og 60 % er arbeid i avdeling i turnus. Dei administrative oppgåvene vert i hovudsak lagt til faste dagar i veka, men kan tilpassast drift og behov i eininga.
Arbeidstida er ein kombinasjon av dagarbeid og turnus, med arbeid inntil kvar 3. helg.
Assisterande einingsleiar arbeider tett saman med einingsleiar og har ei sentral rolle i drift, utvikling og personaloppfølging i eininga.
Arbeidsoppgåver-
Vere stadfortredar for einingsleiar i dennes fråvær, med ansvar for dagleg drift, prioriteringar og oppfølging av tilsette
-
Medansvar for personalleiing, inkludert oppfølging, rettleiing og tilrettelegging
-
Bidra til fagleg utvikling, kvalitets- og forbetringsarbeid i eininga
-
Medverke til god økonomistyring, og sikre drift innanfor tildelte rammer
-
Personalplanlegging, turnusarbeid og dagleg bemanning i samarbeid med einingsleiar
-
Delta aktivt i dagleg drift i avdelinga som sjukepleiar/vernepleiar
-
Bidra i utviklings- og endringsarbeid knytt til organisering av tenesta
-
Andre oppgåver kan bli delegerte av einingsleiar
-
Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
-
Erfaring frå leiing eller relevant leiarkompetanse frå prosjektarbeid, utviklingsarbeid eller andre koordinerande roller som gir god forståing for leiing, turnusarbeid og organisering av tenester. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell leiarerfaring
-
Erfaring frå institusjon eller liknande kommunale helsetenester er ein fordel
-
God digital kompetanse
- Kjennskap til Profil, GAT og Compilo er ønskjeleg
-
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
-
Ansvarsbevisst, strukturert og fleksibel
-
Sjølvstendig, initiativrik og løysingsorientert
-
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
-
Evne til å skape tryggleik og bidra til eit godt arbeidsmiljø
-
Robust og i stand til å stå i krevjande situasjonar
-
Stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar og personleg eignaheitved tilsetting.
Løn og vilkår
Løn etter gjeldande tariffavtale og i samsvar med kvalifikasjonar og ansvar i stillinga.
Søknadsfrist 14.06.2026For meir opplysingar om stillinga ta kontakt med einingsleiar Kristin Aamot på tlf. 90618332 eller epost kristin.aamot@seljord.kommune.no
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nesbukti er ein trivelig sjukeheim som ligg i naturskjønne omgivnadar. Vi har i dag 31 sjukeheimsplasser. Av desse er 8 plassar på avdeling for demente, 5 korttidsplassar blant anna bruka til rehabilitering/habilitering, 1 kommunal augeblikkeleg døgntilbodplass, resterande er langtidsplassar på somatisk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8884627d-0286-4339-b056-3eb9dc3bcdb9
- Sist endret
26. mai 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
8884627d-0286-4339-b056-3eb9dc3bcdb9