Hopp til innhold

Helsesenteret/legevakta har ledig 146% stilling som sjukepleiar frå 1.1.2027

Arbeidsgiver

Seljord Helsesenter Allmenn Legeteneste

Sted

Ingrid Slettens veg 16, 3840 Seljord

Om jobben

Det skal tilsettast i 146% stilling. Vi ønsker å tilsette 2 sjukepleiarar, kor stillingsstorleiken mellom dei to kan fordelast etter ynske/avtale i løpet av tilsettingsprosessen. Stillingane er fordela mellom legekontor og legevakt og er ledig frå 1.januar. Turnusen består av dagvakter, langvakter på natt i vekedagane og vakt kvar 4 helg. Det vert lagt vekt på personleg eignaheit og evne til både å jobbe sjølvstendig og vera ein god lagspelar. Det trengs også tilkallingsvikar til avdelingane. Dersom dette også skulle vera aktuelt, skriv dette i søknaden.

Oppstart
1. januar 2027
Stillingstittel
Sykepleier
Type ansettelse
Fast, deltid 74%
Arbeidstid
Turnus, dagtid, kveld og natt, alle dager

Søk på jobben

Søk senest lørdag 15. august

Hva vi ser etter

Du er

  • Off.godkjent sjukepleiar

  • Har erfaring frå legekontor og/eller legevakt

  • Har interesse for akuttmedisin

  • Er ein god lagspelar og kan jobbe sjølvstendig

  • Interessert i fagutvikling

Arbeidsoppgaver

Sjukepleiarane jobbar i fremste rekke med pasienthandtering, saman med lege eller sjølvstendig. Mottak av øyeblikkeleg hjelp, behandling og rådgjeving på telefon. Fleire av sjukepleiarane har dela stilling mellom legekontor og legevakt. Vi kan freiste med gode kollegaer i eit godt fagmiljø og med eit godt arbeidsmiljø. Helseavdelinga har stort fokus på fagutvikling, teamarbeid og tverrfagleg samarbeid.

Vi tilbyr

  • Løn etter Hovudtariffavtala

  • Pensjon via KLP

  • IA-bedrift

  • Godt arbeidsmiljø med gode kollegaer

  • Akuttkurs og regelmessig simulering

  • Spennande arbeidsoppgåver med fokus på samhandling, teamarbeid, fag og utvikling

Kontaktperson for stillingen

Kine Jordbakke

konstituera einingsleiar

95926844

kine.jordbakke@seljord.kommune.no

Om bedriften

Vi er eit veldrive kommunalt helsesenter med 6 fastlegar og 2 LIS1 stillingar. Vi har både sjukepleiarar og helsesekretærar tilsett ved avdelinga. Samlokalisert med fysioterapiavdeling og helsestasjon og med avdeling for psykisk helse og rus i same eining. Legevakta er interkommunal og er plassera i på Helsesenteret, Seljord kommune. Helsesenteret er opent mellom 08-15.30 på kvardagar og legevakta er open resten av døgnet og alle helger og høgtidsdagar. Frå 1. januar 2027 er legevakta døgnopen. Sjukepleiar er stasjonera på legevakta med lege i heimevakt.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

bf3bbbe9-2189-4c3f-948a-a806cd0c2dac

Sist endret

26. juni 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

bf3bbbe9-2189-4c3f-948a-a806cd0c2dac

Lignende annonser

Laster lignende annonser