Hopp til innhold

Kommuneoverlege

Arbeidsgiver

Ål kommune Stab

Sted

Torget 1, 3570 Ål

Om jobben

Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. februar

Vi ser etter deg som er samfunnsengasjert, har høg fagleg integritet og trivst med eit breitt ansvarsområde. Du motiverast av tverrfagleg samarbeid, vil bidra aktivt til vidareutvikling av kommunen sine helsetenester. Du vil vere ein del av eit større fagteam både lokalt og regionalt. 

Vi har ledig inntil 50 % stilling som kommuneoverlege.

Arbeidskvardagen vil vere variert. Nokre av oppgåvene er langsiktige og strategiske, medan andre blir utløyst av fortløpande hendingar.

Som kommuneoverlege er du aktiv bidragsytar knytt til konkrete oppgåver i kommunalsjef for helse- og omsorgssektoren sin stab. I tillegg er kommuneoverlege den sin øvste medisinsk faglege rådgjevar, med ansvar for sentrale samfunnsmedisinske oppgåver innan mellom anna folkehelsearbeid, førebygging, smittevern, miljøretta helsevern og beredskap. Kommuneoverlegen har  ei nøkkelrolle i samhandlinga med spesialisthelsetenesta, og bidreg til å sikre god koordinering og heilskap elege pasientforløp mellom nivåa i helsetenestene.

Som kommuneoverlege har du ikkje vaktplikt, men du har høve til å ta vakter etter avtale med leiar for legevakta.

Stillinga kan kombinerast med fastlegeavtale /- stilling eller med ledig deltidsstilling som sjukeheimslege.

Me tilbyr
  • godt arbeidsmiljø med erfarne, kunnskapsrike og engasjerte kollegaer
  • utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
  • fleksibilitet i organisering av arbeidsdag og oppgåver
  • deltaking i fagleg nettverk med kommuneoverlegar regionalt og nasjonalt
  • tilrettelegging for spesialisering i samfunnsmedisin, om du ikkje allereie er spesialist
  • konkurransedyktig fastlønn etter kvalifikasjonar, og gode pensjons- og forsikringsordningar
Kommuneoverlegen sine oppgåver er hovudsakeleg
  • ivareta kommunen sitt overordna ansvar innen fagområda smittevern, medisinsk beredskap, miljøretta helsevern, psykisk helsevern
  • medisinskfagleg rådgjevar i kommunalsjefen sin stab
  • rådgjeving innan folkehelse
  • delta i fagleg i plan- og strategiarbeid
  • kommunal beredskapsarbeid- deltaking i planverk, krisehandtering og kommunen si kriseleiing
  • tverrfagleg samarbeid både lokalt, regionalt og med spesialisthelsetenesta
  • saksbehandling, tilsyn og klagebehandling

Desse oppgåvene krev høg grad av tilgjenge og evne til å handtere uforutsigbare situasjonar som kan oppstå akutt – som smitteutbrott, ulykker eller andre kriser.

Kvalifikasjonar
  • norsk autorisasjon som lege med spesialitet i samfunnsmedisin, eller lege med interesse for fagfeltet som ynskjer å gå inn i eit utdanningsløp i samfunnsmedisin. Det er ynskjeleg med allmennmedisinsk erfaring
  • kjennskap til relevant lov- og avtaleverk innan helsesektoren
  • gode kommunikasjonsevner i norsk munnleg og skriftleg er ein føresetnad
  • evne til sjølvstendig arbeid, gode samarbeidsevner, fleksibilitet og evne og vilje til å ta initiativ og ansvar
  • god til å bygge relasjonar, samarbeide på tvers av fagfelt og nivå
  • stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.

Søkjarar som ikkje har spesialitet i samfunnsmedisin, må forplikte seg til å gjennomføre spesialisering etter tilsetting.

Søknad og politiattest
  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som blir tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar
  • intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Flytte til Ål?
Drøymer du om å flytte til ei vakker fjellbygd? Ynskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då er du velkomen til Ål!
Flytt til Ål! - Ål kommune


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Borghild Moen

Rådgjevar

+47 97058804

borghild.moen@aal.kommune.no

Om bedriften

Ål kommune er ein utviklingsorientert arbeidsgjevar for 650 engasjerte tilsette, som er opptekne av å gje tenester av høg kvalitet til alle innbyggjarar, store og små. I UNICEFS rapport om kvaliteten i oppvekst- og levevilkår, er Ål kommune blant dei 10 beste kommunane i Noreg. Dei fleste av helse-og omsorgstenestene er lokalisert ved Ål helsesenter, som er samlokalisert med Hallingdal sjukestugu og prehospitale tenester. Me har moderne lokalar og god tilgang på teknisk utstyr. Ål helsesenter er samlingspunkt for små samankomstar og større arrangement. Me har eigen kafeteria som tilbyr kaffi, lunsj og middag. Kårstugu og Nigardstugu har ei rekkje aktivitetar som både bebuarar og heimebuande nyttar seg av. Dagsenter for eldre og dagsenter for kognitiv svikt er også lokalisert ved Ål helsesenter. Det blir lagt til rette for å vidareutvikle sin kunnskap gjennom god opplæring, internkurs og vidareutdanning. Helse- og omsorgssektoren driv spanande prosjekter og utviklingsarbeid, som sett dagsaktuelle tema i fokus. Me er også vertskommune for Hallinghelse, som er eit unikt fag- og utviklingsfellesskap for kommunane i Hallingdal. Ål er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv! Bu- og levekostnadene rimelegare enn i dei store byane, noko som gjer at du kan bruke pengane på å realisere draumane dine; anten det er å vere meir ute, reise eller skape noko sjølv. I Ål ønskjer vi å legge til rette for at nytilflytta kjenner seg sett, møtt og inkludert. Les meir på våre heimeside. Ål er ein av dei beste kulturkommunane i Noreg. Kulturhuset tilbyr spanande og variert program for heile Hallingdal. Ål kommune vart kåra til både Årets kulturkommune og Årets nynorskkommune i 2021!

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

838fdfb7-9f5f-4e55-ba2b-755737f9e341

Sist endret

15. januar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3579543_211231_nn

Lignende annonser