Vil du vera med å setje spor i kulturlivet i Hallingdal?
Ål kommune Kultursektoren
Torget 1, 3570 Ål
Om jobben
- Stillingstittel
- Prosjektkoordinator tradisjonskultur
- Type ansettelse
- Prosjekt, deltid 50%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 16. mars
Brenn du for å gje gode kulturopplevingar, og vil vere med oss å skape nye samarbeidsarenaer og nettverk? Då er denne jobben noko for deg!
Hallingdalskommunane er no på jakt etter ein drivande dyktig prosjektkoordinator i eit engasjement på inntil 50 % over ein periode på 18 månader, med moglegheit for at det kan forlengast etter avslutta prosjekt. Ål kommune er vertskommune i Hallingdal og eigar av prosjektet.
Hovudmålet med dette prosjektet er å vidareføre arbeidet som allereie er gjort med å mobilisere og koordinere for å tryggja ei berekraftig framtid for den særeigne tradisjonskulturen i Hallingdal. Som prosjektkoordinator skal du leie arbeidet med å lyfte fram den sterke Hallingdalstradisjonen og vere med på å setje regionen på kartet både nasjonalt og internasjonalt. Me søkjer etter ein som kan utvikle vidare det grunnarbeidet som allereie er gjort; ta det med vidare til neste steg. Her er det moglegheit for å skape ein eigen arbeidsplass som vil setje preg i regionen i mange år framover.
Om arbeidsplassen:Prosjektkoordinatoren vil ha arbeidsstad i arrangements- og kulturbygda Ål, med kontorplass på Tingstugu. Stillinga ligg under kultursektoren og det er Kommunalsjef kultur som representerar prosjektet og eigarskapet på vegne av Ål kommune.
I tillegg er det eit godt fagmiljø, både i kommunen og elles i Hallingdal, der til dømes Sprang vil vera ein god støttespelar i utviklingsarbeidet for tradisjonskulturen frå Hallingdal. Hallingdal ligg godt plassert midt i Sør-Noreg, med gode forbindelsar og kort reiseveg både aust- og vestover.
Hjå oss finn du ein godt forankra kulturpolitikk, mange arrangement, kulturhus med 30 000 besøkande per år, ein høgmoderne dansescene spesiallaga for folkemusikk og -dans, Folkemusikkveka, Leveld Kunstnartun AiR, Storhelg i Hallingdal og mykji meir!
Arbeidsoppgåver knytt til stillinga:- Samarbeide med ulike aktørar innan feltet i regionen Hallingdal som til dømes frivillige spel- og dansarlag.
- Søke om offentlege midlar, samarbeide med lokale og regionale sponsorar, for å sikre varig finansiering av prosjektet.
- Sikre ein berekraftig struktur som trygger kontinuitet og vekst for folkemusikkmiljøet i Hallingdal.
- Regelmessig rapportering til kommunane i Hallingdal og andre finansierings- og samarbeidsorgan i lag med kommunalsjef kultur.
- Starte samarbeidsprosjekt med lokale kultur- og utdanningsinstitusjonar.
- Utdanning eller erfaring frå kulturfeltet.
- Erfaring frå prosjektmetodikk- og gjennomføring.
- Solid økonomiforståing og ein evne til å skape struktur.
- Erfaring frå drift og leiing av prosjekt er ynskja.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Likar å skrive søknadar, jobbe strukturert, samle og vidareformidle.
- Elskar fargekoda Excel-skjema, systematisk arbeid og overblikk.
- Er god på relasjonar.
- Er ein teambyggjer og lagspelar.
- Er engasjert, kreativ og utviklingsorientert.
- Evnar å tenke langsiktig og strategisk.
- Du må vera strukturert og sjølvdreven.
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Me kan tilby:- Ein unik jobbmoglegheit i ei sterk kulturkommune.
- Fleksibel og variert arbeidskvardag.
- Eit godt og fagleg kompetent team og støtteapparat med vilje til utvikling, som vil vera med å gje både forankring, nettverk og motivasjon.
- Eit sterkt og mangfaldig tradisjonsmiljø med stort spenn i utøvarar, aktivitetar og uttrykk.
- Høve til å setje ditt stempel på noko som skal vera levedyktig for all framtid.
- Høve til å utvikle din eigen arbeidsplass, også etter endt prosjektperiode.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar regulert av Hovedtariffavtala.
- Lønn etter avtale.
- Vitnemål og attestar legg du inn i lag med søknaden.
- Kommunen følgjer offentleglova §25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
- Intervju vil skje løpande gjennom søknadsprosessen.
Ta gjerne kontakt med oss.
Velkommen som søkjar!Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a53ea25d-4a0a-4211-ab08-ada6631f5c38
- Sist endret
23. februar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3593373_200329_nn
Lignende annonser
2. gongs utlysing - Rektor
Arbeidsgiver
Ål kommune Oppvekstsektoren
Sted
Ål
Rektor - Nedre- Ål skule, 2. gongs utlysing
Arbeidsgiver
Ål Kommune
Sted
Ål
Generell Søknad - tilkallingsvikar i Helse- og omsorgsektoren
Arbeidsgiver
Ål kommune Helse- og omsorgssektoren
Sted
Ål