Hopp til innhold

Blombakkane bustader

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Blombakkane bustader

Sted

Blombakkane, 5354 Straume

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar 100% fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Om avdelinga:

Blombakkane bustader yter heildøgns omsorgstenestar til 9 personar med psykisk utviklingshemming og ulike bistandsbehov. Blombakkane bustader ligg sentralt på Straume med gangavstand frå Straume bussterminal. Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, sjølvråderett, tillitsskapande arbeid og meistring tilleggas stor vekt. Vi er ein flott og tverrfagleg  samansett personalgruppe beståande av vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, helsefagarbeidarar og assistentar. Arbeidsmiljøet er prega av tett samarbeid og derav stor kollegastøtte til kvarandre, noko me verdsett høgt. 

Årsturnus ligg med langvakter, 12,5 t, og arbeid kvar 4 helg. Moglegheit for neste års turnus med ordinære vakter med arbeid 3 kvar helg.

Vi søker deg som brenner for å sikre gode tjenester til mennesker med utviklingshemning. Du er fagleg engasjert, og liker å ta ansvar og arbeide for god kvalitet i tjeneste vår i samarbeid med andre. Som sjukepleiar/vernepleiar vil du få gode moglegheiter til fagleg utvikling både innan miljøterapi og innan somatisk helse.

Arbeidsoppgåver:

  • Legemiddelhandtering
  • Oppfølging i henhold til helse og omsorgstjenestelova kap. 9 og pasient og brukerrettighetslova kap. 4a.
  • Dagleg omsorg og miljøarbeid i tenesta til den enkelte
  • Fagleg arbeid med observasjon, rettleiing, motivering, gjennomføring og evaluering av tiltak tilpassa aktuelle bebuarar.
  • Primærkontaktansvar, tverrfagleg samarbeid med ulike instansar og kontakt med pårørande.
  • Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå avdelingsleiar.

Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som  vernepleiar/sjukepleiar
  • Kjennskap til Helse og omsorgstenestelova kap 9 og Pasient og brukerrettighetsloven kap. 4a
Ønskjeleg med:
  • Erfaring frå brukergruppa
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar:

  • Engasjert, fleksibel og initiativrik
  • Open og etisk reflektert
  • Påliteleg, audmjuk, tolmodig og omgjengeleg
  • Evne til å arbeide målretta og strukturert, sjølvstendig og i team.
  • Ansvarsbevisst

Anna:

Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.

Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling.
  • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån 

Kontakt:

  • Avdelingsleiar Blombakkane bustader: Daniel Savic Røed Tlt: 48 99 18 64 e-post: daniel.roed@oygarden.kommune.no
  • Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

    Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Om bedriften

    Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

    Sektor

    Offentlig

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    7e582256-0a27-4a54-9ab2-8f27bdfba580

    Sist endret

    6. februar 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3587003_192849_nn

    Lignende annonser

    Sjukepleiar i Heimetenesta

    Arbeidsgiver

    Øygarden kommune Heimetenesta

    Sted

    Straume

    Sjukepleiar, 100% vikariat

    Arbeidsgiver

    Øygarden kommune Sundheimen

    Sted

    Skogsvåg

    Vernepleiar/ sjukepleiar 100 % vikariat

    Arbeidsgiver

    Øygarden kommune Vågaleitet omsorgsbustad

    Sted

    Øygarden