Stipendiat i matematikk
Universitetet i Bergen
Allegaten 41, 5007 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Stipendiat i matematikk
- Type ansettelse
- Åremål, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 22. desember
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat i matematikk
Ved Matematisk institutt, Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i matematikk, fortrinnsvis innan algebra. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremjande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga inngår i eit breiare forskingsprosjekt som knytt saman rein og utrekningsorientert matematikk. Stillinga er knytt til Lie-Størmer-senteret, eit senter tilknytta UiT Noregs arktiske universitet (UiT) og Universitetet i Bergen (UiB). Arbeidsstaden for ph.d.-stillinga er ved
Universitetet i Bergen. Prosjektet er finansiert av Tromsø Forskingsstiftelse (TFS), UiT og UiB. Startdato for stillinga er så snart som mogleg og seinast innan 1. mars 2026.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Forskinga ved Lie-Størmer-senteret (LSC) freistar å utforske nye område i overgangen mellom rein og utrekningsorientert matematikk, med auge for grunnleggjande matematiske utfordringar for det moderne informasjonssamfunnet og innan kontrollsystem i ingeniørfag. Prosjektet bygg bruer mellom rein og utrekningsorientert matematikk, mellom dei matematiske institutta i Bergen, Tromsø og ellers i Noreg, og mellom forsking og utdanning på høgaste nivå innan ERCOM, nettverket av europeiske forskingssentre i matematikk.
Utrekningsmatematikk er ein hjørnestein i moderne vitskap. Metodar derifrå gir ny form og retning til grunnleggjande forsking i rein matematikk, medan abstrakte matematiske omgrep gjer djupare innsikt og nytt språk for algoritmar og diskretiseringsteknikkar – avgjerande for numeriske utrekningar og simuleringar. Vi opplev no ein historisk fase i matematisk vitskap, der skiljet mellom rein og anvend matematikk gradvis vert mindre. Å fremja denne integrasjonen krev samarbeid på tvers av desse fagområda. Dette er hovudformålet for Lie-Størmer senteret.
Prosjektet er organisert i fire hovudtema og vekselverknader mellom dei. Denne stillinga er knytt til Tema 2- Polynom, ideal og algebra. Om ein kandidat har bakgrunn og føresetnader til å bidra òg til andre tema så tel dette positivt.
- Tema 1 – Lie teori: Analyse og geometri til ikkje-holonome system
- Forskingsområde: Sub-riemannsk geometri og cartangeometri, vektordistribusjonar og supergeometri.
Føremonar: Forsking/emnefokus i differensialgeometri. Kjennskap til Lie-teori, sub-riemannsk geometri og cartangeometri tel særs positivt.
- Tema 2 – Polynom, ideal og algebra
- Forskingsområde: Monom- og polynomideal, toriske varietetar, tropiske varietetar, relasjonar til kombinatoriske strukturar.
- Føremonar: Forsking/emnefokus i algebra eller algebraisk geometri
- Tema 3 – Magnusekspansjonar og signaturar i data- og ingeniørvitskap
- Forskingsområde: Signaturar (i røffsti-forstand) anvend på kurver og flater, Magnusekspansjonen, Hopf-algebraer, og tillempingar.
Føremonar: Forsking/emnefokus i algebra og/eller røffstiteori. Kjennskap til Lie-teori eller Hopf-algebraer er òg positivt.
- Tema 4 - Algebra, geometri og topologi for kompleks dataanalyse
- Forskingsområde: Algebraiske metodar i dataanalyse, topologisk dataanalyse, geometrisk djuplæring.
- Føremonar: Erfaring i programmering eller kurs i informatikk, algebra, topologi eller differensialgeometri. Kjennskap til topologisk data-analyse eller maskinlæring er òg positivt.
Det nasjonale prosjektet Mathesis organiserer forskerskuler i matematikk for norske ph.d.-studentar. Kandidaten vil som del av si forskeropplæring delta på forskerskulane i Mathesis i samråd med rettleiar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i matematikk eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Kandidaten må ha kvalifikasjonar relatert til Tema 2 over. Det inneber emnefokus i algebra eller algebraisk geometri og erfaring med forsking innan eit av desse områda.
- Interesser relatert til diskrete strukturar er ein føremon.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
- Gode norskkunnskapar er ein føremon for søkjarar som ynskjer eit 4. år til mellom anna undervising.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil verte vektlagt. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Personlege kvalifikasjonarVi søkjer kandidatar som:
- Er høgt motiverte, ope til sinns, akademisk sterke, kreative og nysgjerrige,
- Har evna til både å arbeide uavhengig, og saman i lag,
- Har sterke analytiske og problem-løysande evner,
- Har sterke skriftlege- og kommunikasjonsferdigheitar.
Ved vurdering av søkjarar, vert det lagt særleg vekt på akademiske kvalifikasjonar, kor godt kandidaten høver inn i forskingsprogrammet, samt personleg motivasjon for å ta ein ph.d. i dette prosjektet leia av Lie-Størmer-senteret.
Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande
Om stipendiatstillinga: Stipendperioden er på 3 år, med opning for eit 4. år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit 4. år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremjande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga: Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Stilling som stipendiat (kode 1017) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr. 568 700 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere kvalitetane nemd over, då desse kan bli teke omsyn til ved rangeringa av kandidatane.
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
- relevante attestar
- søkjarar må sende inn godkjend dokumentasjon på at dei oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
- eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
- Professor Hans Munthe-Kaas, Matematisk institutt, UiB og UiT, hans.munthe-kaas@uib.no, tlf. 452 38 987.
- Professor Gunnar Fløystad, Matematisk institutt, UiB, nmagf@uib.no, tlf. 94142752.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR rågjevar Karoline Christiansen på karoline.christiansen@uib.no eller 55 58 47 70.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7e543e53-8e7c-468c-8935-c0a80e12a1f2
- Sist endret
20. november 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10270889
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Stipendiat (4 år)
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen