Stipendiat i matematikk med fokus på signaturar og rough paths
Universitetet i Bergen
Allegaten 41, 5006 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Stipendiat i matematikk med fokus på signaturar og rough paths
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 14. juni
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat i matematikk med fokus på signaturar og rough paths
Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d. stipendiat i matematikk med fokus på signaturar og rough paths. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til finansiering frå Tromsø forskingsstifting (TFS) gjennom Lie-Størmer-senteret.
I denne utlysinga søkjer vi ein kandidat som skal arbeide med forsking knytt til følgjande tema i prosjektet: Område 3 – Magnus-ekspansjonar og signaturar i datavitskap og ingeniørfag, med fokus på signaturar i tydinga rough paths, anvend på kurver og flater. Verktøy for å studere dette inkluderer Magnus-ekspansjonen, Hopf-algebra og ulike bruksområde.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Forskingsarbeidet ved Lie–Størmer-senteret (LSC) har som mål å utforske upløgd mark i grenseområdet mellom berekningsorientert og rein matematikk, og ta for seg grunnleggjande matematisk utfordringar som er relevante for moderne informasjonssamfunn og geometrisk dynamisk kontroll i ingeniørfag.
Berekningsmatematikk er ein berebjelke i moderne vitskap. Metoda former grunnlaget for rein matematikk, medan abstrakte matematiske konsept gjev ny innsikt i algoritmar og diskretiseringsmetodar – kritiske for numeriske utrekningar og simuleringar. Denne utviklinga viser ei avgjerande fase i matematikken, der skiljet mellom rein og anvend matematikk vert mindre. Ei vidare utvikling krev tett samarbeid mellom desse felta, noko Lie–Størmer-senteret skal bidra til.
For prosjektet til denne ph.d.-stillinga ønskjer vi å undersøke signaturar av kurver, rough paths og røffe differensiallikningar, og det relativt nye feltet signaturar av flater. Tilnærminga vil hovudsakleg vere analytisk, men tema frå algebra - særleg Lie-teori - vil òg spele ei sentral rolle.
Den kandidaten som blir tilsett vil, under rettleiing, vere venta å:- Undersøke bruk av Magnus-ekspansjonen for ODE-ar i Lie-grupper på røffe differensiallikningar.
- Undersøke bruksområde av ulike tilnærmingar til signaturar av flater for PDE-ar med uttrykk med låg regularitet.
Avhengig av bakgrunn og interesse kan ein òg undersøke problem knytt til Riemannsk geometri og/eller numeriske bruksområde, til dømes innan maskinlæring.
Kandidaten er venta å delta i den nasjonale ph.d.-skulen «Mathesis», drive av Lie-Størmer-senteret (klikk her for detaljar).
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Søkjarar må ha oppnådd ein mastergrad eller tilsvarande utdanning i matematikk. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullfører mastergraden innan 31.08.2026. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Bakgrunn innan stokastiske prosessar og/eller rough path-teori er ein fordel.
- Kunnskap om Lie-teori og/eller differensialgeometri er ein fordel.
- Kunnskap om numeriske bruksområde av signaturar og/eller Lie-teori er ein fordel.
- Sidan kandidaten skal vere ein del av det større Lie–Størmer-prosjektet, må kandidaten ha ein positiv haldning til samarbeid og eventuelt også forsking innan andre område som er relevante for algebra og geometri.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha sterke analytiske evner og gode problemløysingsevner.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege kunnskapar i engelsk.
Ved vurdering av kandidatane vert det lagt særleg vekt på faglege kvalifikasjonar, kandidaten si tilpassing til forskingsprogrammet, og motivasjonen for å ta ein ph.d. innanfor Lie–Størmer-senteret.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande
Om stipendiatstillinga: Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga: Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
- Ei kopi av masteroppgåva di, eller ei lenkje om den er publisert på nett. Om du ikkje har fullført oppgåva enda, må du laste opp eit oppdatert utkast.
- relevante attestar
- godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
- eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: professor Erlend Grong, Matematisk institutt (erlend.grong@uib.no), eller instituttleiar Antonella Zanna Munthe-Kaas på antonella.zanna@uib.no.
For HR-relaterte spørsmål, kontakt HR-rådgivar Karoline Christiansen (karoline.christianen@uib.no) eller +47 55 58 47 70.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1b761710-dd68-47d0-bb41-521675de793e
- Sist endret
29. april 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10293744