Hopp til innhold

Stipendiat i matematikk med fokus på differensialgeometri

Arbeidsgiver

Universitetet i Bergen

Sted

Allegaten 41, 5006 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Stipendiat i matematikk med fokus på differensialgeometri
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 14. juni

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Stipendiat i matematikk med fokus på differensialgeometri

Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i matematikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til Lie-Størmer senteret og finansiert av Tromsø forskingsstifting.
I denne utlysinga søkjer vi ein kandidat som vil arbeide med forsking knytt til følgjande tema i prosjektet: Område 1 – Lie-teori: Analyse og geometri av ikkje-holonomiske system, med vekt på sub-Riemannsk geometri og Cartan-geometri.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Forskinga ved Lie-Størmer-senteret (LSC) har som mål å utforske ukjend terreng i grenseflata mellom berekningsorientert og rein matematikk, med særleg vekt på grunnleggjande matematiske utfordringar som er relevante for det moderne informasjonssamfunnet og for geometrisk-dynamisk styring i ingeniørvitskap.


Berekningsmatematikk er ein hjørnestein i moderne vitskap. Metodane hennar er med på å forme grunnlaget for rein matematikk, samstundes som abstrakte matematiske omgrep gjev nye innsikter i algoritmar og diskretiseringsmetodar – avgjerande for
numeriske utrekningar og simuleringar. Denne samansmeltinga markerer ein viktig fase i matematikken, der skiljet mellom rein og anvend matematikk vert stadig mindre. Å føra denne integrasjonen vidare krev samarbeid på tvers av fagområda, noko Lie-Størmer-
senteret vil leie.


I dette ph.d.-prosjektet vil vi undersøkje problemstillingar knytte til ei undergrein av differensialgeometrien kalla sub-riemannsk geometri eller ikkje-holonomisk geometri, der ein berre har eit indreprodukt på eit underbunt av tangentbunten. Mange spørsmål knytte til symmetri, rigiditet og konforme deformasjonar av metrikken er framleis utan svar i denne konteksten. Bruk av verktøy frå Cartan-geometrien vil vera sentralt i arbeidet med å utforska slike eigenskapar.

Under rettleiing skal den tilsette kandidaten arbeida med følgjande oppgåver:
  • Undersøkje isometrigrupper til sub-riemannske mangfald og modellarom.
  • Leite etter konforme invariantar for sub-riemannske mangfald.


Kandidaten er venta å delta i den nasjonale ph.d.-skulen «Mathesis», drive av Lie-Størmer-senteret (klikk her for detaljar).


 Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i matematikk. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 31.08.2026. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Kandidatar må ha fagbakgrunn som inkluderer kurs i differensialgeometri.
  • Kunnskap om Lie-teori, sub-Riemannsk geometri eller Cartan-geometri er ein fordel.
  • Ferdigheiter i berekningsmatematikk er ein fordel.
  • Kandidatar må vere positiv til samarbeid og eventuelt forsking på relaterte fagfelt til algebra og geometri, som ein del av Lie-Størmer prosjektet.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha sterke analytiske evner og gode problemløysingsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
     

Ved vurderinga av kandidatane vil det bli lagt særleg vekt på faglege kvalifikasjonar, kor godt kandidatane passar inn i det samla forskingsprogrammet, og personleg motivasjon for å gjennomføre eit ph.d.-løp knytt til det valde prosjektet ved Lie-Størmer-senteret.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.


For stillinga gjeldt følgande

Om stipendiatstillinga: Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.- graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen


Vi tilbyr

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare
    opprykk skjer etter stillingsansiennitet
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: professor Irina Markina (irina.markina@uib.no), eller instituttleiar Antonella Zanna Munthe-Kaas (Antonella.zanna@uib.no).
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen, karoline.christiansen@uib.no eller +47 55 58 47 70.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.      

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.       


Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5

Kontaktperson for stillingen

Karoline Christiansen

HR adviser

+4755584770

karoline.christiansen@uib.no

Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d82ad1aa-deb0-417b-9d56-52a9e8774c34

Sist endret

29. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10293752

Lignende annonser

Laster lignende annonser