Hopp til innhold

Stipendiat i anvendt matematikk (fluidmekanikk)

Arbeidsgiver

Universitetet i Bergen

Sted

Allegaten 41, 5006 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Stipendiat i anvendt matematikk (fluidmekanikk)
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Arbeidsspråk
Engelsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest mandag 1. juni

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Stipendiat i anvendt matematikk (fluidmekanikk)

Ved Matematisk Institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i anvendt matematikk (fluidmekanikk). Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Stillinga vil bli integrert i Fluid Mechanics Group (FMG) ved Matematisk institutt. Kandidaten vil bidra til pågåande forskingsaktivitetar og støtte nye initiativ. Arbeidet vil vere retta mot FMG sine kjernefaglege område, inkludert bølgjedynamikk, marine og miljørelaterte prosessar, samt transport av partiklar og forureining, med fluidmekanikk som det vitskaplege fundamentet.

Ein sentral del av arbeidet vil vere bruk av moderne maskinlæring innan anvend matematikk — særleg fysikkinformert læring, avviksdeteksjon, datadriven modellering og utvikling av surrogatmodellar baserte på fysiske lover. Gjennom rettleiing, tverrfagleg samarbeid og deltaking i det dynamiske marine forskingsmiljøet i Bergen, vil kandidaten opparbeide seg kompetanse i fluidmekanikk, berekningsmetodar og marine bruksområde. I tillegg vil kandidaten etablere eit nasjonalt og internasjonalt nettverk.


 Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha mastergrad eller tilsvarande utdanning innan anvend matematikk, teoretisk oseanografi/meteorologi eller andre relevante vitskaplege eller ingeniørfaglege område. Søkjarane må ha levert masteroppgåva si til vurdering før søknadsfristen. Det er ein føresetnad for tilsetjing at mastergraden er oppnådd.
  • God kunnskap i partielle differensiallikningar er eit krav.
  • Erfaring med matematisk modellering er eit krav.
  • Gode programmeringsferdigheiter i t.d. MATLAB, Python og/eller Julia er eit krav.
  • Erfaring frå eller kompetanse innan fluidmekanikk er ein fordel.
  • Grunnleggjande kunnskap om geofysiske prosessar (i atmosfære eller hav) er ein fordel.
  • Bakgrunn i statistiske metodar er ein fordel.
  • Erfaring med maskinlæring er ein fordel.
  • Erfaring frå tverrfaglege prosjekt er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og vise gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege ferdigheiter i engelsk.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.


For stillinga gjeldt følgande

Om stipendiatstillinga: Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. 

Om forskarutdanninga: Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.


Vi tilbyr

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. 
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert. 
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. 


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: professor Guttorm Alendal på guttorm.alendal@uib.no eller +479939505, professor Henrik Kalisch på henrik.kalisch@uib.no eller instituttleiar Antonella Zanna Munthe-Kaas på antonella.zanna@uib.no

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen på karoline.christiansen@uib.no eller 55 58 47 70.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.    

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.       


Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5

Kontaktperson for stillingen

Karoline Christiansen

HR rådgiver

+4755584770

karoline.christiansen@uib.no

Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

976c80e2-8306-482f-a00a-96301808bb84

Sist endret

13. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10290903

Lignende annonser

Laster lignende annonser