Hopp til innhold

Vil du vere med å utvikle framtidas omsorgstenester i Sogn?

Arbeidsgiver

Sogndal kommune Helse og omsorg

Sted

Riverdalen 5, 6863 Leikanger

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Tenesteleiar Leikanger sjukeheim/heimetenesta og Balestrand sjukeheim/heimetenesta
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

No har du sjansen til å leie to engasjerte og kompetente team og bidra til at eldre og brukarar får eit trygt, meiningsfullt og verdig tilbod i kvardagen. 

Om stillinga
Som tenesteleiar får du overordna ansvar for drift, fag, økonomi og personale ved Leikanger sjukeheim/heimetenesta og Balestrand sjukeheim/heimetenesta. Du blir ein del av leiargruppa for helse og omsorg, og rapporterer til kommunalsjef.

Her får du moglegheit til å påverke utviklinga av tenestene, løfte fram gode idear frå medarbeidarane og vere ein viktig støttespelar for både tilsette og brukarar. 

Kven ser me etter? 
Me ser etter deg som:

  • Har relevant helse- og/eller sosialfagleg utdanning på høgskule- eller universitetsnivå
  • Har leiarutdanning og/eller erfaring med personalansvar og dokumenterte resultat
  • Er trygg i dialog med ulike fagmiljø og samarbeidspartnarar
  • Er strukturert, systematisk og har evne til å sjå heilskap og finne gode løysingar
  • Har god kjennskap til og kunnskap om endrings- og omstillingsarbeid
  • Er ein inspirerande og inkluderande leiar som får folk med deg

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Me ønskjer oss ein leiar som ser verdien av å jobbe i team, som er løysingsorientert og som motiverer andre til å utvikle seg.

Dette får du hos oss:
  • Ein spanande og meiningsfull jobb
  • Moglegheit til å påverke og utvikle tenestene
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Velferdsordningar og lønn etter avtale

Kvifor velje Sogn? 
Her får du kort veg til fjord, fjell og friluftsliv og eit arbeidsmiljø der me heiar på kvarandre. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.

Mangfald og inkludering
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller bakgrunn. Me legg til rette for tilpassa arbeidsforhold ved behov.

Praktisk informasjon
  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Alle tilsetjingar skjer med 6 månaders prøvetid
  • Opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort i tråd med offentleglova § 25, 2. ledd. Du vil bli varsla dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste
  • Søknad skal sendast via EasyCruit innan søknadsfristen

Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt om du er nysgjerrig og vil ha ein prat om stillinga og arbeidskvardagen.

Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7e1d5ee0-7755-4951-aac6-8ac971dff9c4

Sist endret

2. januar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3572999_189803_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser