Ferievikar 2026, Leikanger sjukeheim
Sogndal kommune Leikanger sjukeheim og heimeteneste
Ohnstadhaugen 15, 6863 Leikanger
Om jobben
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. mai
Leikanger sjukeheim har 4 små einingar med inntil 8 pasientar på kvar eining. Heimetenesta ligg i tilknyting til sjukeheimen, samane med legekontor, fysio/ergoterapitenesta og helsestasjon.
Me har stor bredde i arbeidsoppgåvene og i brukargruppa, og me leverer alt frå rehabilitering til palliativ omsorg. Sjukeheimen har eige kjøken med gode kokkar som lagar heimelaga mat, og ligg vakkert til på Leikanger med utsyn mot Sognefjorden.
Om stillinga
Vi søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte ferievikarar for sommaren 2025 til sjukeheimen på Leikanger.
Arbeidsperioden vil vere i tida 15.06.2026 - 16.08.2026 med moglegheit for tilkallingsvikar utover hausten. Opplys i søknaden perioden du kan jobbe. Søkjarar som kan jobbe heile perioden vil bli prioritert.
Studentar og elevar innanfor helserelaterte fag vert oppmoda om å søkje.
Arbeidsoppgåver:- Helsehjelp til eldre på sjukeheim.
- Oppfølging av ernæring
- Ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Vere fylt eller fylle 18 år i løpet av 2026
- Evne til å arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre.
- Oppteken av å yte god service og like utfordringar i ein travel kvardag.
- Imøtekommande
Spesielle vilkår for stillinga:
Dei som vert tilsett må leggje fram tuberkulose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato, samt politiattest av ny dato.
- Ein variert og god arbeidsplass der god service er ein sjølvfølgje.
- Løn etter tariff jf. HTA.
- Tilrettelagt turnus med moglegheit for langvakter.
Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Tilsetting blir gjort fortløpande.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
265a823d-f2df-4a86-a450-65947f4747c8
- Sist endret
16. mars 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3607365_194681_nn