Ferievikarar 2026: Sjukeheim, heimetenesta, vaskeri og kjøkken avdeling Balestrand
Sogndal kommune Balestrand helsetun og heimeteneste
Hittunsvegen 6, 6899 Balestrand
Om jobben
- Type ansettelse
- Sesong, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. mai
Balestrand helsetun består av tre små einingar med inntil 8 pasientar på kvar eining. I tilknyting til helsetunet ligg både heimetenesta, legevaktsatellitten, fysio/ergo-tenesta, omsorgsbustadar og bu og miljøtenesta. Dette gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med andre einingar i kommunen.
Me har stor bredde i arbeidsoppgåvene og i brukargruppa, og me leverer alt frå rehabilitering til palliativ omsorg. Helsetunet har eige kjøken som lager god, heimelaga mat. Helsetunet har og eige vaskeri og ligg vakkert til i sentrum av Balestrand omgitt av fjord og fjell.
Om stillinga
Me søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte ferievikarar for sommaren 2026 til helsetunet, heimetenesta, vaskeri og kjøkkenet i Balestrand.
Arbeidsperioden vil vere i tida 15.06.2026 - 16.08.2026 med moglegheit for å vere tilkallingsvikar utover hausten. Opplys i søknaden kva periode du kan jobbe og kor du ynskjer å jobbe. Søkarar som kan jobbe heile perioden vil bli prioritert.
Studentar og elevar innanfor helserelaterte fag vert oppmoda om å søkje.
Arbeidsoppgåver:
- Helsehjelp til eldre på sjukeheim, brukarar i heimetenesta og omsorgsbustad
- Heimehjelpsoppgåver
- Oppfølging av ernæring
- For kjøkken; tilberede mat, utlevering av mat, ivareta hygiene og kjøkkenrelaterte oppgåver
- For vaskeri; vask av pasient– og personaltøy. Reinhald.
- Ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Vere fylt eller fylle 18 år i 2026 (for søkjarar til kjøkken/frukostvert vil yngre bli vurdert)
- Førarkort for dei som skal jobbe i heimetenesta
- Evne til å arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre.
- Oppteken av å yte god service og like utfordringar i ein travel kvardag.
Spesielle vilkår for stillinga:
Dei som vert tilsett må leggje fram tuberkulose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato, samt politiattest av ny dato.
- Ein variert og god arbeidsplass der god service er ein sjølvfølgje.
- Løn etter tariff jf. HTA.
- Tilrettelagt turnus med moglegheit for langvakter.
Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, EasyCruit. Dersom du skal søkje på fleire stillingar må du sende ein søknad pr. stilling.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5c7f0027-b150-41de-b02b-ecd0ffeb21c8
- Sist endret
25. mars 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3610507_194697_nn