Hopp til innhold

100% stilling som avdelingsleiar ved Heimebaserte tenester

Arbeidsgiver

Ullensvang kommune Heimebaserte tenester Odda

Sted

Opheimsgata 31, 5750 Odda

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

100% fast stilling som avdelingsleiar – Heimebaserte tenester Odda

Vår mangeårige kollega og avdelingsleiar går av med pensjon, og vi treng deg som kan vere med og vidareutvikle Heimebaserte tenester Odda.

Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk avdelingsleiar som vil bidra til å leie og utvikle tenestene våre – til det beste for brukar og tilsette.

 

Om stillinga

Heimebaserte tenester Odda gir naudsynt helsehjelp, omsorg og støtte til menneske som bur heime. Vi er ei teneste i vekst og utvikling, og vårt mål er at flest mogleg skal få bu trygt og godt i eigen heim så lenge som mogleg.

Brukarane våre har i aukande grad meir samansette behov. Dette krev nytenking og vidareutvikling av tenestene våre – både fagleg og organisatorisk.

Som avdelingsleiar får du ei sentral rolle i både det faglege og operative arbeidet i avdelinga. Du vil ha ansvar for heimsjukepleie, heimehjelp og eit dagsenter, og samarbeide tett med fagleiarar og verksemdsleiar.

 

Arbeidsoppgåver

  • Du skal leie, støtte og utvikle dine tilsette
  • Du skal sikre kvalitet i tenestene
  • Du skal balansere drift og utvikling – fra turnusplan til innovasjon
  • Du skal bruke teknologi og data til å forbedre både arbeidsflyt og pasientopplevelse
  • Og viktigst: Du skal sjå heile mennesket – både pasient og tilsett

 

Kvalifikasjoner

  • Relevant høgskule, -eller universitets utdanning, innan helse-og omsorg (t.d sjukepleiar)
  • Leiarutdanning – relevant erfaring kan kompensere for dette
  • Det er ønskeleg med erfaring frå kommunehelseteneste
  • God økonomiforståing
  • Kjennskap og forståing for lover/forskrifter/nasjonale retningslinjer som regulerer tenesta
  • God forståing for fagleg kvalitet, tjenesteflyt og arbeidsplanlegging inkl turnusarbeid
  • Gode digitale kunnskaper. Opplæring i våre interne systemer vil bli gitt
  • Gode framstillingsevner, både skriftlig og muntlig (min B2 nivå).

 

Personlige egenskaper

  • Du tør å tenke nytt, men har beina godt planta i praksis
  • Du er strukturert,målretta, tilstedeværande og god på å bygge tillit
  • Du veit at humor og varme høyrer heime – og i en travel arbeidskvardag
  • du motiverer, involverer og skaper arbeidslyst
  • du er tydelig og trygg i leiarrolla
  • du taklar utfordringar og er løsningsorientert
  • Du bidrar aktiv i utviklingsarbeid
  • Personlege eigenskaper vil verte vektlagt

 

Vi tilbyr

  • God opplæring
  • Eit meningsfylt oppdrag og ei rolle der du gjer ein forskjel
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte fagfolk
  • Eit tett og støttande leiarteam – ilag med verksemdsleiar og fagleiarar
  • Høve til å setje spor – i ein kommune som satser på utvikling av tenestene
  • Konkurransedyktige betingelsar og gode utviklingsmoglegheiter
  • Lønn etter avlønningsmodell


For stillingar der det er krav om politiattest, må dette framvisast før tiltreding.


Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Forslått fjerna i statsbudsjettet

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7cb5c94f-f92f-455a-95c9-0ed74c82457d

Sist endret

15. desember 2025

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3569347_191033_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser