Hopp til innhold

100% stilling som avdelingsleiar ved Kinsarvik skule

Arbeidsgiver

Ullensvang kommune Kinsarvik skule

Sted

Sandvikevegen 16, 5780 Kinsarvik

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 26. april

Ledig stilling som avdelingsleiar - stillingsstorleik 100 %, frå 1. august 2026

 

Info om skulen:

Kinsarvik skule er ein 1.-10. skule i Ullensvang kommune. Skulen har 170 elevar, og omlag 40 tilsette. Me ligg fint til i sentrum av bygda Kinsarvik med gode uteområde rundt skulen. 


Arbeidsoppgåver:

Vi søker ein avdelingsleiar som er oppteken av skuleutvikling og ynskjer å leia gjennom å lytta, støtta og utfordra. Du vert ein del av leiarteamet vårt som er sett saman av rektor og to avdelingsleiarar. Avdelingsleiaren me lyser etter vil få oppgåver rundt pedagogisk utviklingsarbeid, og medansvar for å leia personal og oppfølging av elevsaker. Du vil få ansvar for vikararbeid i samarbeid med den andre avdelingsleiaren. Stillinga inneber ca 50% leiing og 50% undervisning, og er for tida knytt opp mot 1.-7. trinn og SFO.

 

Kvalifikasjonar:
  • Godkjent lærarutdanning og undervisningserfaring 

  • God kjennskap til, og forståing for digitale system

  • Har gjerne leiarerfaring frå før

  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

  • Du må ha ynskje om å ta vidareutdanning i leiing om du ikkje har det

 

Personlege eigenskapar:
  • Har god pedagogisk forståing og er oppteken av skuleutvikling

  • Er strukturert, held oversikt og ser gode og effektive løysingar

  • Likar å leia andre

  • Er god på samarbeid, relasjonsbygging og kommuniserer godt med skulen sine tilsette, elevar og føresette

  • Har god formidlings- og gjennomføringsevne

  • Er oppteken av elevane si læring, mestring og utvikling

  • Er sjølvstendig, fleksibel og omstillingsdyktig

  • Kan handtera periodar med stort arbeidspress

  • Trygg, med godt humør og pågangsmot

 

Me tilbyr:
  • Eit godt arbeidsmiljø

  • Varierte arbeidsoppgåver

  • Godt pedagogisk utviklingsmiljø

  • Lønn etter hovudtariffavtalen

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

  • Hjelp til å finna bustad



Krav:

  • Politiattest

  • Godkjend tuberkulinstatus

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån: 

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld 

 

Til orientering om Offentleglova: 

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket. 

I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. 

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune: 

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Hans Petter Andersen

+47 95082934

hans.petter.andersen@ullensvang.kommune.no

Om bedriften

- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d85a7a04-576a-4107-a127-ca98e077fff0

Sist endret

13. april 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3616641_193951_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser