40% vikariat som lærar ved Hauso skule
Ullensvang kommune Hauso skule
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Om jobben
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 40%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 14. juni
Ynskjer du å dyrka fram meistring hos barn og ungdom, og bidra til eit godt læringsmiljø? Då vil vi gjerne høyra frå deg!
Om skulen
Hauso barne- og ungdomsskule ligg på vestsida av Sørfjorden, i Hardanger. Me er ein liten skule, med ca 60 elevar frå 1.-10.klasse.
Skulen er todelt på barnesteget og fulldelt på ungdomssteget.
Stillinga kan innebera undervisning på alle trinn, frå 1.klasse til 10.klasse.
Arbeidsoppgåver:
● Stillinga er knytt til undervisning.
● Stillinga som lærar er allsidig og inneberer mellom anna oppfølging av elevar, kontakt med føresette, samarbeid med kollegaer og andre aktuelle samarbeidspartar.
Ynskte kvalifikasjonar:
● Godkjent lærarutdanning for barne- og ungdomstrinnet
● Me søkjer lærarar som har god kompetanse i skriftleg og munnleg norsk.
● Me søkjer lærarar som er trygge brukarar av IKT som verktøy for læring.
● Me ber deg med godkjente kvalifikasjonar om å søkja.
● Personlege eigenskapar blir tillagt vekt.
● Me ber om minst 2 referansar og ein av dei skal vera noverande leiar.
Personlege eigenskapar:
Me ser etter deg som :
● trivst i lag med barn og ungdomar
● er sjølvstendig og autoritativ
● har gode samarbeidsevner og god relasjonskompetanse
Me tilbyr:
● Varierte arbeidsoppgåver
● Løn etter hovudtariffavtalen
● Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Krav:
● Politiattest
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9d880bee-202e-4ec7-852a-26f9e02891a3
- Sist endret
22. mai 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3630889_193955_nn