Hopp til innhold

85% stilling som helsefagarbeidar, natt ved Mjøstølen

Arbeidsgiver

Ullensvang kommune Mjøstølen avlastning

Sted

Opheimsgata 31, 5750 Odda

Om jobben

Type ansettelse
Fast, deltid 85%
Arbeidstid
Natt
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 25. mai

Helsefagarbeidar – 86,5 % fast nattstilling ved Mjøstølen avlastning


Ullensvang kommune, tenesta for funksjonshemma

Ullensvang kommune søkjer ein trygg og ansvarsbevisst helsefagarbeidar til fast nattstilling ved Mjøstølen avlastning.

Om Mjøstølen avlastning Mjøstølen avlastning gir viktige tenester til familiar med born og unge vaksne som har ulike funksjonsvariasjonar. Vi held til sentralt i Odda sentrum og har døgnkontinuerleg drift. Vårt mål er at både brukarar og pårørande skal oppleve tryggleik, kvalitet og føreseielegheit.

Hos oss blir du ein del av eit stabilt, inkluderande og fagleg engasjert arbeidsmiljø. Stillinga inngår i ei ordning med to nattevakter på plass samtidig, noko som gir ekstra tryggleik og eit godt fagleg fellesskap.

 

 

Om stillinga og arbeidstidsordning

Som helsefagarbeidar på natt har du ansvar for å skape trygge rammer og sikre god oppfølging av brukarane våre.

Vi nyttar ein turnus med langvakter på 12,5 timar. Dette er ei ordning som er lagt til rette for å gi meir samanhengande tenesteyting for brukarane, samtidig som det gjev deg som tilsett lengre og gode friperiodar mellom arbeidsøktene.


Hovudoppgåver:

  • Regelmessige tilsyn og praktisk omsorg gjennom natta.

  • Handtere behov og følgje opp brukarane individuelt.

  • Handtering og administrasjon av legemiddel.

  • Bidra i kveldsrutinar før leggetid og morgonstell når brukarane vaknar.

  • Dokumentere observasjonar og hendingar i tråd med gjeldande rutinar.

  • Samarbeide tett med kollega for å sikre heilskapleg kvalitet.


Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar. (Søkjarar med anna relevant fagutdanning, særskilt erfaring eller sterk interesse for brukargruppa vil òg bli vurderte).

  • Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar.

  • Erfaring med bruk av digitale verktøy og dokumentasjonssystem.

  • Gode norskkunnskapar: Det er eit krav at du meistrar norsk skriftleg og munnleg på eit nivå som sikrar trygg kommunikasjon og god dokumentasjon.


Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:
  • Møter menneske med ro, respekt og varme.

  • Er engasjert i arbeid med born og unge vaksne med funksjonsvariasjonar.

  • Arbeider strukturert, sjølvstendig og tek ansvar.

  • Er ein positiv lagspelar som bidreg til eit godt arbeidsmiljø.

  • Har evne til fagleg refleksjon.

Personleg egnethet vil bli tillagt avgjerande vekt.

  

Vi tilbyr
  • Ein føreseieleg turnus med 12,5 timars vakter og gode friperiodar.

  • Ein trygg arbeidsplass der ein alltid jobbar to nattevakter saman.

  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit godt miljø.

  • Faglege utviklingsmoglegheiter og kompetanseheving.

  • Løn etter gjeldande hovudtariffavtale samt gode pensjons- og forsikringsordningar.


Praktisk informasjon

  • Stillingsbrøk: 86,5 % fast nattstilling.

  • Arbeidstid: Langvakter (12,5 t) med arbeid p.t. kvar 3. helg.

  • Krav: Gyldig politiattest og godkjend tuberkulinstatus må leggjast fram før tiltreding.

  • Oppstart: Snarast mogleg eller etter avtale.

 

Kontaktpersonar:

Harald Molven, verksemdsleiar | Tlf: 97 43 66 62

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.


Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Tor Larssen Sekse

Konstituert avdelingsleiar

+47 47902162

tor.larssen.sekse@ullensvang.kommune.no

Om bedriften

- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

86100edb-583c-491c-a9d4-16dd428281da

Sist endret

5. mai 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3624659_250471_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser