Hopp til innhold

100% stilling som helsefagarbeidar ved Eidesbrotet bofellesskap

Arbeidsgiver

Ullensvang kommune Eidesbrotet bofellesskap

Sted

Eidesbrotet 25, 5750 Odda

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 10. mai

Ullensvang kommune, tenesta for funksjonshemma, søkjer ein engasjert helsefagarbeidar til 100 % fast stilling ved Eidesbrotet bufellesskap.

Er du på jakt etter ein arbeidsplass der faget står i fokus og du blir ein del av eit sterkt fellesskap? Ved Eidesbrotet får du ein trygg kvardag med faste, gode rutinar. Stillinga inneber arbeid kvar 4. helg, noko som gir deg meir fri i helgene enn i mange andre turnusyrke.


Fagglede, tryggleik og ein jobb som betyr noko

 

Om oss: Der menneska kjem først
Eidesbrotet bufellesskap er eit døgnbemanna butilbod for 17 vaksne personar med ulike funksjonsnedsetjingar og bistandsbehov.

Hos oss er ikkje bebuarane berre "vedtak" – dei er menneske vi skal støtte til å meistre sitt eige liv. Vi jobbar for at kvar enkelt skal oppleve tryggleik, meistring og ein aktiv kvardag. Samstundes legg vi stor vekt på trivsel i personalgruppa: Vi ønskjer oss ein arbeidsplass med låg terskel for ein god lått, sterkt engasjement og ekte fagleg stoltheit.


Kva går jobben ut på?

Som helsefagarbeidar hos oss er ingen dag heilt lik. Du vil ha varierte oppgåver som krev både fagkunnskap og omsorg. Arbeidsoppgåvene inkluderer mellom anna:

  • Målretta miljøarbeid: Bidra til utvikling og meistring for den enkelte brukar.

  • Aktiv kvardag: Delta i aktivitetar saman med brukarane, både inne og ute i frisk luft.

  • Fagleg ansvar: Yte tenester i tråd med vedtak og utføre praktiske oppgåver i avdelinga.

  • Samhandling: Rettleiing av kollegaer og aktivt bidrag til eit inkluderande arbeidsmiljø.

 

Kven ser vi etter?
Vi leitar etter deg som er fagleg trygg og brenn for menneska du jobbar med.

  • Du er utdanna helsefagarbeidar (andre relevante utdanningar kan bli vurderte).

  • Du trivst med ein aktiv arbeidsdag og likar å vere i rørsle.

  • Du er løysingsorientert, fleksibel og møter utfordringar med eit smil.

  • Du samarbeider godt med andre, men kan òg ta sjølvstendige avgjerder.

  • Du har gode norskkunnskapar og grunnleggjande datakunnskap.

Erfaring frå målretta miljøarbeid vert vektlagt, men personleg eignaheit er det aller viktigaste for oss.


Vi tilbyr:

  • Ein spennande og lærerik arbeidsplass i stadig utvikling.

  • Stilling med korte vakter, arbeid kvar 4. helg.

  • Arbeidsmiljø: Dyktige og humoristiske kollegaer som støttar kvarandre.

  

Praktisk informasjon:
  • Krav: Politiattest må framleggjast før tilsetjing.


  • Høyrest dette ut som din neste arbeidsplass? Vi gleder oss til å høyre frå deg!


    Kontaktpersonar:

  • Harald Molven, verksemdsleiar: tlf. 974 36 662 / harald.molven@ullensvang.kommune.no


  • Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

    Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

    Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

    Til orientering om Offentleglova:

    Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
    For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
    I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
    "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


    Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

    Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

     


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Simona Jurkiene

    Avdelingsleiar

    +47 46905658

    simona.jurkiene@ullensvang.kommune.no

    Om bedriften

    - ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    a58d4673-9441-4957-a27a-98fd30ed5bf3

    Sist endret

    14. april 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3617333_250469_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser