Konsulent - IT-sikkerheit/klient 100% fast
Kvinnherad kommune IT
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. mars
Omtale av stillinga
Kvinnherad kommune satsar på effektive og framtidsretta tenester. Me søkjer deg som kan ivareta både daglege driftsoppgåvene, samt vera pådrivar for sikkerheit rundt brukarkontoar og klientutstyr som PCar, print og mobile enheter. Me er stolte over vår framtidsretta driftsplattform, og det volumet me i dag har ansvaret for. Våre tenester vert nytta på mange lokasjonar og treff over 3000 brukarar. IT avdelinga er organisert under Administrasjon. Avdelinga har ansvar for drift, nettverk og infrastruktur på eige datasenter og mange utelokasjonar elles i organisasjonen. Digitalisering og teknisk utvikling er viktige satsingsområde for kommunen. Kommunen har ein solid teknisk infrastruktur, som organisasjonen er avhengig av fungerer optimalt til ei kvar tid.
For å sikra kontinuitet og tilgang på naudsynt kompetanse er det viktig å styrkja bemanninga på IT avdelinga.
Dersom tilsetjinga fører til eit internt opprykk, kan det bli ei ledig stilling til. Søkjarar til denne utlysinga kan då bli vurderte til den stillinga.
Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver og ansvar i stillinga
Drift, installasjon, dokumentasjon, analyse, feilretting og vedlikehald av brukarkontoar, infrastruktur og sikkerheitsprodukt på klient/serverar. Prosjektdeltaking internt og i samarbeid med andre kommunar/digi-nettverk IT-avdelinga har etablert 24/7/365 vaktordning for kritiske system. Den som vert tilsett vil bli vurdert/må pårekna å inngå i denne vaktordninga. Dela kunnskap og erfaring med kollega og bidra aktivt til utvikling av avdelinga samt laga opplæringsmateriell, skriftleg dokumentasjon og veiledning slik at mest muleg kan løysast i førstelinja hos IT-avdelinga. Support mot brukargrupper må påreknas.
Kvalifikasjonar
Generell kompetanse knytt til IKT infrastruktur, forståing for klient/server, nettverk og systemforvaltning
Høgskule- eller universitetsutdanning innan IT eller annan relevant utdanning på bachelornivå eller høgare
Relevant erfaring og sertifisering kan kompensera for manglande formell utdanning
Brei erfaring med hybrid/skyløysningar som EntraID, og MS AD / Hydrid AD
Kunnskap og erfaring med Linux
Kjennskap/erfaring til Cortex XDR, Trend Micro XDR, MS Defender XDR
Personlege eigenskaper
Serviceinnstilt, utadvendt og vant til dialog med kundar og sluttbrukarar
Bidra til eit positivt arbeidsmiljø
Du må vera ein god problemløysar, vant med kompleks feilsøking i nettverk
Du samarbeidar godt med andre, men også sjølvstendig når det krevst
Trivast med å driva fram endringar og få organisasjonen til å dra i same retning
Jobba sjølvstendig, er strukturert og fleksibel
Analytisk og løysningsorientert tilnærming til arbeidsoppgåvene
Samarbeida godt med andre, også i tverrfaglege grupper
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring
Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen
Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet
Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7b16f99e-57bb-4d27-a99d-4f0b8ab95134
- Sist endret
2. mars 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3601131_226071_nn
Lignende annonser
Konsulent
Arbeidsgiver
Tysnes kommune
Sted
Uggdal
Arbeidsgiver
Tysnes kommune
Sted
Uggdal
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Heimetenester Husnes
Sted
Rosendal