Hopp til innhold

Arkiv- og publikumskonsulent

Arbeidsgiver

Tysnes kommune

Sted

Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal

Om jobben

Stillingstittel
Konsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 19. mars

Har du lyst på ein variert arbeidskvardag der du kombinerer service, systemarbeid og dokumenthandtering?

Me søker ein serviceinnstilt og utviklingsorientert kollega som vil vere med å styrke og vidareutvikle fellestenestene i kommunen. Hos oss får du jobbe med både daglege driftsoppgåver og forbetringsarbeid innan publikumsmottak, arkiv, digitalisering, systemforvaltning og kvalitetsarbeid.

Stillinga er ein del av fellestenesta – ei lita avdeling med ansvar for arkiv, servicetorg, politisk sekretariat, post og journalføring, kommunikasjon og digitalisering. Du vil samarbeide tett med mange delar av organisasjonen og få høve til å påverke korleis me utviklar og leverer gode tenester. Arbeidsplassen er på rådhuset i Uggdal.


Arbeidsoppgåver

  • Arkivfagleg arbeid og registrering i sakssystem.
  • Kvalitetssikring og journalføring av dokument.
  • Postfordeling og handtering av offentleg journal.
  • Betjening av publikumsmottak.
  • Skjemansvarleg - bygge diverse skjema i Multiform, samt sette desse opp i administrator.
  • Administrator for saks- og arkivsystem.
  • Oppgåver knytt til valgjennomføring.
  • Aktivt bidra til forbetring av arbeidsprosessar.

Organisasjonen er i konstant utvikling, og stillinga kan bli tillagt nye oppgåver ut frå behov, kompetanse og erfaring.


Kvalifikasjonar

  • Utdanning innan arkivfag, administrasjon eller tilsvarande fagområde - relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning.
  • Erfaring med post-, arkiv- og sakshandsaming er ein fordel.
  • Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar, med god framstillingsevne.  Tenestemålet i Tysnes kommune er nynorsk.
  • Gode digitale ferdigheiter og interesse for teknologisk utvikling.

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som 

  • er ansvarsbevisst og påliteleg, med evne til å handtere fleire oppgåver parallelt.
  • liker utfordringar, er engasjert, løysingsorientert og evnar å trekke slutningar.
  • er positiv, samarbeidsorientert, serviceinnstilt.
  • evnar å ta ansvar for eiga utvikling og ta til deg ny kunnskap.
  • har god evne til å sette deg inn i og vidareformidle informasjon.
  • er systematisk, strukturert og har god gjennomføringsevne.

Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt. 


Kvifor skal du jobba hos oss?

Me kan tilby ein variert og aktiv arbeidskvardag saman med dyktige kollegaer i eit godt arbeidsmiljø. Gode moglegheiter for ütvikling, kompetanseheving og påverknad til oppgåveløysing.

Du vert avløna etter kompetansekravet til stillinga med lønsplassering i kapittel 4 (0–16 års ansiennitet). Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar, og enkelte år òg lokalt. 

Som tilsett får du medlemskap i KLP, med ei av dei beste pensjonsordningane i landet og moglegheit for bustadlån på gode vilkår.

Stillinga føl arbeidstida på rådhuset med har kjernetid frå kl. 09.00-15.00, fleksitid og sommertid kl. 08.00-15.00 i perioden 15.mai til og med 14.september.

I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar. 

Synest du stillinga verkar spennande, eller har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med kontaktpersonane som står oppført i annonsen. 


Informasjon til søkar

Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.

Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.

Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.


Kontaktperson for stillingen

Tonje Aakre

Leiar stabs- og fellestenester

+47921 67 016

tonje.aakre@tysnes.kommune.no

Om bedriften

Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!

Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggande senter utanfor Bergen. Spør du oss, er dette den beste kommunen i verda å vekse opp i. Når me tel både store og små, er me om lag 3000 godlynte innbyggarar i Tysnes.

Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles ferjesamband mot nord og sør.

Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

02797add-0a07-4163-a4e6-1230a9b1a3fd

Sist endret

25. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10284255

Lignende annonser