Hopp til innhold

Vi søkjer ein erfaren og engasjert bakar til Bakeriet i Lom

Arbeidsgiver

Bakeriet i Lom AS

Sted

Sognefjellsvegen 7, 2686 Lom

Om jobben

Stillingstittel
Fagansvarleg bakar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk snarest mulig

Bakeriet i Lom er eit bakeri med lange tradisjonar. Vi brenn for godt handverk og bruk av naturlege, reine råvarer. Vi er stolte av å kunne tilby alt frå tradisjonelt handforma surdeigsbrød til smakfulle bollar og delikate bakverk.

Vi leitar no etter ein erfaren bakar som kan ta rolla som fagansvarleg hos oss. I tillegg til å vere ein del av den daglege produksjonen, vil du ha ansvar for produktkvalitet og produktutvikling, oppfølging av lærlingar og opplæring av bakemedarbeidarar. Stillinga rapporterer til bakesjef.

Vi søkjer ein bakar med fagbrev og nokre års erfaring. Du brenn for bakefaget og godt handverk, er kvalitetsbevisst og har sans for detaljar, og ønskjer å bidra til vidareutvikling av bakeriet. Du likar å lære frå deg og sjå andre vekse, er pedagogisk og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Du forstår verdien av å prestere som eit lag.

Hos oss lever vi etter verdiane: Open, Oss, Ordentleg.

Dine hovudoppgåver:

  • Produksjon av brød, kaker og anna bakverk i tråd med våre metodar og standardar

  • Fagleg ansvar for produktkvalitet og produktutvikling i tett samarbeid med bake- og salsteam

  • Ansvarleg for dagleg oppfølging av bakeriets 2 lærlingar og avtalte opplærlingsplanar

  • Opplæring og kompetanseutvikling internt i baketeamet

  • Utvikling av oppskrifter og arbeidsmetodar

Dine kvalifikasjonar:

  • Erfaring som bakar med fagbrev. Relevant praktisk erfaring kan kompensere

  • Lidenskap for baking, held deg fagleg oppdatert og har stor interesse for mat og handverksproduksjon

  • Du er strukturert og nøyaktig, med høgt fokus på kvalitet

  • Grundig, effektiv og ryddig. Du held orden rundt deg og trivst med hektiske periodar og mykje energi

  • Du er ein imøtekommande og samarbeidsvillig lagspelar og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø

  • Du kommuniserar godt på skandinavisk og engelsk

Hos oss får du:

  • Varierte arbeidsdagar og eit godt, internasjonalt og inkluderande arbeidsmiljø

  • Konkurransedyktige vilkår til rett person

  • Utviklingsmoglegheiter

  • Hjelp til å finne bustad

  • Storslått natur og moglegheit for ei aktiv fritid

Send søknad og CV på e-post til jobb@bakerietilom.no. For spørsmål, ta kontakt med dagleg leiar Heidrun Marstein på telefon 948 67 977 eller bakesjef Lovise Åmot Linnerud på telefon 977 31 152.

Om bedriften

Bakeriet i Lom er eit ekte handverksbakeri, bygd på kunnskap og reine, naturlege råvarer. Bakeriet ligg i storslåtte naturomgjevnader i hjartet av Jotunheimen og blei grunnlagt i 2004 av Morten Schakenda. Vi er kjende i heile Noreg for bakverket vårt og er ein populær stoppestad for både lokalbefolkninga og tilreisande. Bakeriet er ein tydeleg sesongarbeidsplass, og i høgsesongen bakar vi på to bakeri og er om lag 25 personar i bakarteamet.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7a612187-8e0e-44ce-a5b6-f1c5b9d9bff5

Sist endret

26. februar 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

452728154

Lignende annonser