Hopp til innhold

Kokk på Bessheim i Jotunheimen

Arbeidsgiver

As Bessheim Fjellstue

Sted

Sjodalsvegen 2977, 2683 Tessanden, Vågå

Om jobben

Stillingstittel
Kokk
Oppstart
2. februar 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk snarest mulig

Send søknad til

post@bessheim.no

KOKK

Vil du vera med kjøkensjef Bjørn, Marit, Tobias, Michelle, Irene, Aleksander og Mathias å lage mat? Ein kokkemedarbeiderar startar med nye utfordringar, så vi ser oss om etter ein ny kokk. Samt ein kjøkenassistent frå 2. februar - 12. april, og juni, juli, august og september 2025.

Bessheim ligg i Jotunheimen, rett ved fylkesveg 51 over Valdresflye. Dei fleste gjestane kjem hit for å gå tur eller å gå på ski, men mange besøkjer oss på grunn av maten også. Besseggen er eit viktig trekkplaster. Kan vera ein fordel å vera interessert i naturen; til dømes turgåing, fisking, jakt, friluftsliv mm. Men det viktigaste er interessen for norsk tradisjonsmat.

Vi serverer tradisjonell norsk mat, og brukar mykje elg, hjort, rein og fjellaure. Vi lagar det meste av maten frå botnen av, og legg vekt på å servere heimelaga, norsk, god og nok mat. Vi er ikkje redde for å servere sjømat eller internasjonale rettar heller. Mange gjestar bur i fleire døgn, særleg om vinteren, så variasjon er viktig. Vi har frokostbuffet kvar morgon, middagsservering frå ein a la carte meny frå 13.30 kvar dag og treretters meny eller middagsbuffet kvar kveld. Vi er godt innarbeidde, men prøver å vera opne for nye idear og impulsar på matfronten. Vi vil gjerne vidareutvikle kjøkenet vårt saman med nye medarbeidarar. Oppvask og vasking er ein del av arbeidsoppgåvene, slik som er naturleg på eit kjøken.

Ser for oss oppstart måndag 2. februar og sesongslutt søndag 20. september. Det er ein god kjøkengjeng på 4-5 personar som vi allereie veit skal vera med oss neste sesong. Matinteresserte skuleelevar og studentar kan godt søkje for sommarferien og hausthelgene. Det er ein fordel at vedkomande blir med i påska og nokre vårhelger også for å bli kjent.

Fast tilsetting kan vera aktuelt. Vi har sesong frå fyrst i februar til fyrst i oktober kvart år, med 2-3 veker stengt sist i mai/fyrst i juni. Det er alltid eit par veker med førebuingar før sesong og eit par veker med avslutning og skjering av elg- og hjortekjøt etter at vi stengjer. Er du fleksibel med arbeidsoppgåver sysselset vi rette vedkomande utover dette også.

Ungdommeleg og til tider hektisk miljø. Mange sommartilsette har vore med oss i fleire sesongar. Alle som arbeider her har kosten her og bur her.

Kan dette vera interessant for deg?

Helsing Bjørn og Kari, Bessheim

Tlf 61238913

E-post: post@bessheim.no

Kontaktperson for stillingen

Kari Lund

Dagleg leiar og eigar

61238913

post@bessheim.no

Om bedriften

Bessheim Fjellstue ligg i Vågå Kommune i Jotunheimen. Vi har 180 senger fordelt på 27 hytter og 27 rom. Campingplass. Matservering. Frokostbuffet, a la carte og treretters middag eller buffet kvar kveld. Vi er mange tilsette på kjøkenet og brukar mykje tid og ressursar på å lage god mat. Det er 10-11 tilsette om vinteren og omlag 25 tilsette om sommaren. Sesong frå ca 1. februar til 5. oktober kvart år. Dei fleste turistane som kjem hit gjer det for å gå i fjellet, anten til fots eller på ski.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

88751aba-342f-4668-b460-00760babac20

Sist endret

5. november 2025

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

88751aba-342f-4668-b460-00760babac20

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Spiterstulen Turisthytte

Sted

Lom