Hopp til innhold

Vil du vera sesongkokk på Brimi sæter i sumar? 🏔️👨‍🍳

Arbeidsgiver

Brimi Gard & Sæter As

Sted

Smørlivegen 24, 2683 Tessanden, Lom, Vågå, Innlandet

Om jobben

Lyst på dufta av ekte seterkultur, fjellurter og kortreiste råvarer? Vi på Brimi sæter søkjer no ein matglad og dyktig kokk som vil skapa magiske matopplevingar i hjartet av Jotunheimen! Vi brenn for ekte formidling av matkultur – enten det er vår berømte «Skråpå-tå» eller andre unike setersmakar.

Stillingstittel
Kokk
Oppstart
20. mai 2026
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk, skandinavisk eller engelsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk snarest mulig

Send søknad til

hans@brimi-seter.no

Hva vi ser etter

  • Har fagbrev som kokk eller solid erfaring frå kjøken.

  • Er truverdig i faget ditt og har stor kjærleik til norske råvarer.

  • Viser rausheit overfor både gjestar og kollegaer, og bidreg til eit godt miljø.

  • Har vilje til å stå på i høgt tempo og ønskjer å utvikle deg saman med oss.

  • Det er ein fordel om du har eigen bil, då vi held til på fjellet.

Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåvene vil variere frå førebuing av vår tradisjonsrike Skråpå-tå og anna seterkost, til foredling av setra sine eigne råvarer og tett samarbeid med resten av tunet for å gje gjestene ei uforgløymeleg matoppleving. Matlaging og produksjon
  • Førebuing og servering av <<Skråpå-tå>>: Dette er signaturretten vår

  • Tradisjonsmat frå botnen av: Tilbereding av seterkost basert på setra sine eigne produkt.

  • Menyoppfølging: Ansvar for at rettane held den høge kvaliteten og presentasjonen Brimi sæter er kjent for.

Drift og hygiene
  • Varemottak og lagerstyring: Kontroll av ferske råvarer frå lokale leverandørar og oversikt over eige lager.

  • IK-mat og reinhald: Gjennomføring av daglege rutinar for hygiene og reinhald på kjøkkenet i tråd med regelverket.

  • Oppvask og rydding: På ei sæter må alle ta i eit tak der det trengst, også med førebuing og rydding av kjøkkenet.

Gjestekontakt og samarbeid
  • Formidling: Gjerne fortelje gjestane om maten og råvarene (ein viktig del av opplevinga på Brimi sæter).

  • Samarbeid med budeiene og servitørane: Jobbe tett med resten av teamet for å skape ein heilskapleg atmosfære for gjestene.

Vi tilbyr

  • Konkurransedyktig lønn etter avtale.

  • Gode turnusordningar som gjev rom for både jobb og fritid.

  • Vi er hjelpsame med å finne husvære/overnatting.

  • Ein unik arbeidsplass i historiske og naturskjønne omgjevnader.

  • Arbeid med landets beste råvarer rett frå setra og fjellet.

Kontaktperson for stillingen

Hans Brimi

91137558

hans@brimi-seter.no

Om bedriften

Brimi sæter er ein unik matdestinasjon på fjellet, der vi kombinerer gamal seterkultur med moderne matopplevingar. Vi produserer eigne råvarer som mjølk, kjøt og ost, og serverer maten med stolthet til gjester frå fjern og nær. Som ein del av teamet vårt blir du ein viktig brikke i å formidle matglede og tradisjonar i eit av Noregs vakraste fjellområde.

"Skråpå-tå" (Raclette), vår 4-retters signaturmeny er vår hyllest til fjellbeitet, fiskevatna og seterkulturen som har skjenka oss mat og musikk som i dag definerer smaken og tonene av Jotunheimen og Gudbrandsdalen.

Kring heimsmidde bordgrillar ved langborda på låveloftet byr Skråpå-tå på ei stemningsfull og smaksrik oppleving for alle sansar. Til tonene frå fele eller sang, krydra med historiar frå setra, smeltar du sjølv seterost på glørne i lag med gode smakar. Denne serverast kvar kveld heile sommaren.

På dagtid serverar vi ekte seterkost; rømmevaflar, rømmegraut, spekemat og ost, smakleg kjøtsupe og seterpizza på enkelte dagar.



Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

19611839-5bd2-4ee4-b2ca-64b0767b481a

Sist endret

10. april 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

19611839-5bd2-4ee4-b2ca-64b0767b481a

Lignende annonser

Laster lignende annonser